Ope brev til Gjelsvik

Publisert

Merknad til endringsforslag for plan og bygningslova (PBL) og energilova (E) som ligg ute til offentleg ettersyn

I gjeldande PBL er arealplanlegginga delt inn i tre plannivå: kommuneplan, områdereguleringsplan og detaljreguleringsplan. l førre lov (lov av 1985) var det kommuneplan, reguleringsplan og utbyggingsplan.

Meininga med dette var at arealdelen til kommuneplan skulle vere den overordna planen for heile kommunen, som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk (§11–5 i PBL) og dermed fastsette kor i kommunen kommunestyret meinte ein skulle ha bustadområde, hytteområde, næringsområde (herunder område til energiproduksjon), sentrumsområde, frilufts- og landbruksområde etc. Deretter skulle reguleringsplan vanlegvis regulere innanfor desse områda.

Dette har fylkesmannen/statsforvaltaren stort sett handla utifrå og kome med motsegn der reguleringsplan ikkje har hatt heimel i kommuneplanen. Unntaket har vore areal til produksjon av energi, her har fylkesmannen/statsforvaltaren stort sett svikta si oppgåve ved å late som dette ikkje er deira ansvar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har også starta konsesjonshandsaming utifrå at areal til produksjon av energi ikkje treng heimel i kommuneplan i strid med § 1–3 i PBL. Rett nok har dei i slike saker prøvd å rette på feilen ved å be kommunen om dispensasjon frå kommuneplan etter at konsesjonen var ferdighandsama.

Den store veikskapen med denne sakshandsaminga på kanten av lova, er at utlegging av areal til energiproduksjon ikkje går igjennom ein kommuneplanprosess som gjerne går over to år med ofte tre høyringar, og dermed innfrir lova sine krav til demokratisk påverking og kommunalt sjølvstyre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement