Ordskifte
Ope brev til FNs generalsekretær
Presidenten i USA, Joe Biden, skal ha sagt at presidenten i Russland, Vladimir Putin, er ein rasjonell mann.
Dette trur eg han har heilt rett i. Med det han kallar ein spesialoperasjon, gjer Putin det same som ein president i USA ville ha gjort dersom han frykta det same som Putin høgst sannsynlig gjorde.
For å forstå dette må ein studere kartet og tenkje på Ukrainas ynske om Nato-medlemskap. Sannsynlegvis har Putin heilt sidan Sovjetsamveldet vart oppløyst, tenkt at det verste som kunne skje Russland, var ein Nato-base i Mariupol eller ein annan stad på strandlinja til Azovhavet.
Det ville for USA vere det same som at Russland fekk opprette ein militærbase på kyststripa ved Havanna på Cuba.
Då blir det forståelig sett frå russisk ståstad at han, Putin, omsynslaust bruker all makt han har for å gjere Azovhavet til ein innsjø i Russland slik det var i Sovjetsamveldet. Dette greier han dersom han kan erobre og halde på all ukrainsk strandlinje til Azovhavet.
Azovhavet er da ikkje lenger internasjonalt farvatn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.