Ønsket om å bli sett

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Milan Kundera sin fenomenale roman Tilværelsens uutholdelige letthet, i kapitlet «Den lange marsjen», lar han ein av personane sine (Franz) ta del på ein tur til grensa mellom Thailand og Kambodsja. Vi er på slutten av 1970-talet, og her vil dei vestlege intellektuelle protestere mot Vietnam sin okkupasjon av landet som før okkupasjonen vart styrt av Pol Pot og hans kompanjongar. Mellom demonstrantane er ein tysk poet og ei amerikansk skodespelarinne. På grensa skrik dei alle ut sine skuldingar mot okkupanten, men det er heilt stille på andre sida. Dei må vende attende med uforretta sak, men då det har vore journalistar med på reisa, har både poeten og den kvinnelege skodespelaren fått den merksemda dei var ute etter. Dei ønskte å bli sett.

No er det ikkje krig og okkupasjonar som får vestlege kjendisar til å reagere. Då måtte ein jo reagere mot eigne politiske leiarar og våre allierte. Det er ikkje ei vinnarsak. Nei, no gjeld det menneskerettar. Godt overbetalte fotballspelarar har funne det for godt å syne sympati med framandarbeidarar i Qatar som jobbar lik det slavar gjorde i tidlegare tider. Ikkje sånn å forstå at spelarane ofrar noko sjølve. Boikott ville ein ikkje ha. Nei, rimelegvis har det vore redsla for ikkje å kunne vise seg fram i neste VM som har vore motivasjonen. Eit ønske om å bli sett kunne kanskje føre til sal til større klubbar og endå høgare løn? (Jo da, det ønsket fall i grus då dei tapte mot Nederland)

Og neste post for norske idrettskjendisar er vinter-OL i Kina. Heller ikkje her vil ein boikotte, det tykkjest ikkje vere på agendaen. Eit mogeleg OL-gull vil ein ikkje gå glipp av. Nei, etter suksessen (sett frå norsk presse sitt syn) med markeringa om menneskerettar i Qatar, leitar ein etter liknande markeringar i samband med vinter-OL i Beijing. Ikkje med mål om at noko skal bli betre i midtens rike, men ein vil, som den tyske poeten og den amerikanske skodespelarinna, bli sett. Sjå kva eg gjer! Sjå kva me gjer! Og bak vert ein styrt av Amnesty International og liknande, og støtta av norsk presse og andre representantar for det norske sjølvbiletet: Vi som er så gode!

Noreg er så visst eit godt land å bu i, men ikkje noko er verre enn det norske sjølvbiletet som den gode i verda, og den norske trua på at om alle gjer det vi meiner er rett, ja så vil alt verte betre. Norske fredsmeklarar har hatt liten suksess rundt omkring i verda, til dømes i Sri Lanka eller i Midtausten. Heller ikkje har det vore mykje å skryte av, det vi har oppnådd som ein del av åtaksalliansen Nato, korkje i Libya, Irak, Syria eller Afghanistan. Eg kan heller ikkje sjå at fredsprisen gjev mat på bordet, betre ytringsfridom eller fred rundt omkring. Faktisk trur eg det er betre for verda om Noreg held ein låg profil og passar sine eigne saker. Men då vil jo mange menneske miste gode, spanande og godt betalte jobbar. Og kva skal dei då gjere?