Ønskekonserten og nynorsk populærmusikk
Midt i 1950-åra gjorde Torhild Lindal nokre gode innspelingar av songar med nynorsk tekst.
Foto: Oslo Museum / Wikipedia
Den uunnverlege spalta til Andreas Skartveit vekkjer gamle minne til live hos meg når han skriv om Ønskekonserten (Dag og Tid 25. november), eit program me alltid høyrde på om måndagskveldane i min barndomsheim.
Det var i den tida radioen var eit møbel, og attåt som ein familiemedlem å rekne. Sidan Skartveit nemner at Alf Prøysen og Nora Brockstedt song «Tango for to», vil eg gjerne minne om eit namn til: Torhild Lindal. Midt i 1950-åra song Fredrikstad-jenta ikkje berre «Tango for to» i lag med Prøysen, ho gjorde nokre gode innspelingar av songar med nynorsk tekst.
Etter at «Tango for to» av Alf Prøysen og hans trufaste komponist Bjarne Amdahl blei lansert av Nora Brockstedt i radioprogrammet «Morgendagens melodi» i 1957, følgde fleire plateinnspelingar. Nora laga sjølvsagt sin versjon, Kari Diesen også. Alf Prøysen og Torhild Lindal var først i platestudio. Ho var hovudsongaren, han prata litt og song litt i rolla som Gunnar på Mo. Det er uvisst om det var den plata eller Nora Brockstedt si, innspelt halvanna veke seinare, som selde mest; VG-lista var enno ikkje oppfunnen.
Prøysen og Lindal hadde i 1956 sunge inn to svenske viser han hadde omsett til norsk: «Anders og Brita» og «Duett i Småland». Den plata selde visstnok bra og var mykje spelt i radioen. Torhild Lindal hadde tidlegare markert seg både som grammofonsongarinne og revyartist. Då Det Norske Teatret det året sette opp den amerikanske musikalen «Annie Get Your Gun», var dei på utkikk etter ei som kunne ta over etter teaterets eiga Eva Strøm Aastorp, som skulle ha hovudrolla som Annie Oakley den første tida. Teatersjefen angra nok aldri på at han valde Torhild Lindal.
Irving Berlins melodiar og den norske teksten av ålesundaren og NRK-mannen Hartvig Kiran gjorde dundrande suksess både hos publikum og hos kritikarane. I april 1956 song Torhild Lindal inn fire av songane frå stykket på to 78-plater: «Berre nattur som skal tel»/ «Annies voggevise» og «Du får aldri ein mann med gevær»/ «Alt er tapt». I denne tida hadde vinylplatene byrja å erstatte dei gamle «steinkakene», og snart kom desse songane også på ei EP-plate.
I vekebladet Magasinet for alle fekk utgjevinga særleg sterke lovord: «Det er de beste Annie-innspillingene som foreligger, hvis en akkurat ser bort fra Betty Huttons originalopptak fra filmen.» Hartvig Kiran fekk òg mykje ros fordi, som bladet skreiv, folk «er blitt så sørgelig vant til at sangtekstene slurves fantasiløst og slapt unna. Det er ingen som hører ordene likevel! Men dét er det når Torhild Lindal synger».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.