Om vekst i forsvars- og rustingsutgifterForsvarPeder RekkedalGvarvGeneralsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg, har vitja heimlandet. Han har oppmoda statsministeren vår om at Noreg må auke forsvarsbudsjettet til minst 2 prosent av brutto nasjonalinntekt. I

Publisert

Generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg, har vitja heimlandet. Han har oppmoda statsministeren vår om at Noreg må auke forsvarsbudsjettet til minst 2 prosent av brutto nasjonalinntekt. I dag nyttar vi berre ca. 1,5 prosent. Trump og generalsekretæren har som mål at alle Nato-land skal bruke 2 prosent av brutto nasjonalinntekt til forsvars- og krigsførebuande tiltak. (Det er det dobbelte av det vi brukar på utviklingshjelp.) Dersom Noreg skal gjere som Trump og Stoltenberg vil, må forsvarsbudsjettet aukast frå ca. 53 milliardar kroner til 70 milliardar kroner per år.

Russlands utanriksminister, Sergej Lavrov, hevdar at Russland no brukar 45 milliardar USA-dollar per år til forsvaret, samstundes som han seier at Nato brukar 750 milliardar USA-dollar per år. Vi kan sjølvsagt ikkje lite på tala, men han har truleg rett i at det er veldig stor skilnad på kva Russland brukar til forsvaret samanlikna med Nato.

Russland har no ca. 150 millionar menneske, medan Nato-land har ca. 1 milliard. Nato-landa er overlegne Russland i teknologisk utvikling og industriell kapasitet.

Grunngjevinga for oppbygging av forsvars- og krigskapasiteten vår er Russlands aggresjon overfor Ukraina og land i Kaukasus. Konfliktane i Kaukasus og mellom Ukraina og Russland kjem i stor grad av, etter det eg forstår, at grensene i området ikkje fylgjer naturlege etniske grenser. Krim har vore russisk i fleire hundre år, men vart gitt til Ukraina som «gåve» frå den russiske sovjetrepublikken til den ukrainske sovjetrepublikken i samband etableringa av Warszawapakta, som var Aust-Europas svar på Nato. Etter det eg forstår, vil fleirtalet av folket på Krim tilhøyre Russland. Eg forstår det òg slik at problema i den austre delen av Ukraina er noko av dei same som på Krim. Kanskje er konfliktar vi ser både i Afrika og Aust-Europa, meir eit resultat av tidlegare fastlagde grenser enn at desse landa har ein uvilje mot Vest-Europa.

Argumenta for oppbygging av forsvars- og krigskapasiteten vår er at Russland ikkje respekterer folkeretten, slik FN ser han, i sitt nærområde. Heller ikkje folkeretten skaper «rett» og rettferd i alle samanhengar. Sjå berre på Midtausten! Kva med USAs flytting av ambassaden til eit okkupert område? Kva med USA og Storbritannias åtak på Irak? Var det i samsvar med folkeretten?

Eg ser at problem og utfordringar i dei områda som her er nemnde, er krevjande både for dei landa det gjeld, for landa i Vest-Europa og for FN, men problema må vel kunne løysast på ein betre måte enn ved den kolossale opprustinga som Trump og Stoltenberg vil vi skal gjere?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement