Om skulepolitikk som ikkje fungerer
Takk, Stig Helset, for at du i Dag og Tid 25. oktober skreiv det som eg skulle ha skrive for over 30 år sidan. Det er nemleg bortimot 40 år sidan vi tok til i barneskulen med den skulepolitikken du kritiserer: å pakke inn skulefaga i leikar, spel og aktivitetar for å få betre læring i til dømes matematikk.
Sjølvsagt skal vi leike, spele og vere fysisk aktive i skulen, men betyr det at vi treng å avvise meir målretta faglæring som utanåtlæring, gjentatte øvingar på eksplisitte stoffdelar og så bortetter? Vi har til dømes hatt samlingar med «sjustjerner» frå nabokommunar og vridd hovudet for å lage opplegg med leik og spel og delt med kvarandre for å gjere læringa morosam og lystbetona. Og framleis sit vi der langt nede på denne Pisa-lista.
Kanskje elevar kan synast det er kjekt å lære kunnskap, å meistre fag, å kunne uttrykke seg om noko dei har tatt til seg, og føle at dei har kome eit lite stykke framover i forståing og ferdigheit?
Eg hugsar frå mi lærartid då mattefaget slutta å vere eit prestisjefag i barneskulen. Det var på åttitalet. Ei reform hadde bestemt at faget skulle bli meir jordnært, kvardagsleg og attkjennande for elevane. Då kunne vi sjølvsagt, med mange assistentar til dei store klassene, ha gått ut i naturen og talt, målt og vege alt vi fann der ute som det kunne gjerast matteøving med. Det vart ikkje så ofte gjort.
Men læreboka hadde skrive om alle desse tinga, lange tekstar, så det skulle «verke praktisk» for elevane. Og kor vart det av prestisjefaget? På den tida (og kanskje no) var det det faget som gutane likte, som vart prestisjefaget. Og som mykje forsking viser, likar gutane dårlegare enn jentene å lese tekstar. Mattefaget, som hadde vore eit konkurransefag, særleg for gutane, fall no som ein stein, og vart eit sukk og stønn-fag, for å setje det på spissen.
Dette er noko av det eg har merka meg med bekymring i mine 40 år i grunnskulen, og det var godt å få eit høve til å seie frå om det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.