Om redaksjonell praksis i Dag og TidPernille Nylehn spør i førre nummer av Dag og Tid om redaksjonen ikkje les sakene som journalistane skriv, før dei kjem på trykk. Grunnen til at ho spør, er artikkelen som Jon Hustad skreiv om tarmen og den stadig meir o
Pernille Nylehn spør i førre nummer av Dag og Tid om redaksjonen ikkje les sakene som journalistane skriv, før dei kjem på trykk. Grunnen til at ho spør, er artikkelen som Jon Hustad skreiv om tarmen og den stadig meir omfattande forskinga på tarmflora.
Sjølvsagt les vi sakene til journalistane. I tillegg får vi ofte fagpersonar utanfrå til å kontrollera faktagrunnlaget i artiklane dersom det trengst. Det siste gjorde vi i dette tilfellet òg. Saka var lesen av respekterte klinikarar som har spesialisert seg på mage og tarm.
Men som Hustad sjølv peika på i nummeret etter: Forsking på tarmflora er eit relativt nytt felt, og som alle nye felt er det prega av motstridande synspunkt og kontroversar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.