Palestinakonflikten
Om opprettinga av staten Israel
I 1921 vart Feisal (til venstre) utnemnd til konge av Irak. Bror hans, Abdullah, vart emir av det dei kalla Transjordan, under britisk styre. Foto: American Colony, Jerusalem / Library of Congress / Store norske leksikon
I Dag T. Elgvins innlegg « Balfour delte ikke området » i Dag og Tid 25. april er det mange påstandar som er feil eller mistydingar.
Elgvin meiner uttrykket «nasjonalheim» i Balfour-erklæringa frå 1917 tyder det same som ein stat. Det er ikkje rett. «Nasjonalheim» har ingen status i folkeretten, men sionistane valde å tolka uttrykket som synonymt med ein stat og såg det som eit viktig steg mot målet sitt.
Elgvin meiner òg at mandata som vart oppretta i dei tidlegare osmanske områda, var legitime folkerettsleg sett. Det var dei ikkje sjølv, berre legale. Dei mangla legitimitet fordi dei braut prinsippet om folkesuverenitet. Ein suverenitet som tilkjem dei som bur og har røter i eit område, ikkje europeiske kolonistar.
Og sjølvsagt vert ikkje avtalar mellom kolonimakter over hovudet på folk legitime eller gyldige for alltid. Då hadde Afrika og Asia framleis vore koloniserte kontinent.
Då Balfour-erklæringa vart skriven, hadde ikkje Palestina klåre grenser. Det var namnet på eit territorium som strekte seg til – og i nokre samanhengar litt aust for – Jordanelva og -dalen. Men i vanleg tyding var det namnet på området mellom Jordanelva og Middelhavet.
Dette viser òg det sionistiske kravet på territorium til «heimlandet» i Versailles-forhandlingane i 1919. Kravet gjaldt berre nokre mil i aust for Jordanelva og inn mot Hijaz-jernbanen, som gjekk sørover frå Damaskus mot Medina via Amman og Maan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.