Om liberale og autoritære tradisjonar

Publisert Sist oppdatert

Kvifor røyster så mange amerikanarar på Donald Trump? Eg freista for nokre veker sidan (Dag og Tid 22. mars) å gje eit svar som ikkje berre gjentar populære forklaringar – som at amerikanske veljarar er kunnskapslause og lettlurte, eller at mellomkrigstidas Tyskland gjev eit utgangspunkt for forståing.

Eg finn eit svar i USAs eiga historie: Trump vinn røyster fordi han representerer ein autoritær understraum i amerikansk politikk.

Øivind Østberg likar ikkje dette svaret. Han synest forklaringa er woke og pill roten (Dag og Tid 24. mai). Han vil gjerne ha nokre konkrete døme.

La meg fyrst repetera at USA har ein liberal tradisjon som stør seg på tre ideal: At alle menneske er fødde like, at dei har umisselege rettar (til liv, fridom og eigedom), og at statens oppgåve er å verne om desse rettane. Desse ideala er formulerte i den amerikanske sjølvstendeerklæringa frå 1776. Då var det amerikanske samfunnet prega av ulikskap.

Men USA har òg ein illiberal eller autoritær tradisjon. Den stør seg på gamal praksis og gjer motstand når dei liberale ideala vart utvida ved lov til å omfatte nye grupper, slik at praksis endrar seg. Eit døme er motstanden mot den rørsla som på 1800-talet arbeidde for å gje menneskeverd og rettar til slavar. Den fekk motstand i USAs sørstatar, der ei slik utviding ville gjere slutt på ein praksis med slaveri.

Motstanden blei etter kvart så stor at slavestatane trekte seg ut av USA i 1861 og skipa sin eigen konføderasjon. President Lincoln kjempa for å behalde unionen, og resultatet vart ein forferdeleg, fire år lang borgarkrig (1861–1865).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement