Om grønvasking

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Slik som andre land har Noreg mål for utslepp av CO2, og det er difor avgift på mellom anna fossilt brensel og drivstoff. Føremålet med denne CO2-skatten og måltal er då òg at bruken av naturgass, olje og kol skal minka og produksjonen gå ned. I vårt land meiner visst difor framleis eit fleirtal på Stortinget at det er lurt å stoppa produksjon av straum på oljeinstallasjonane med gass, og i staden føra straum frå land med sjøkabel.

Dette er likevel lite anna enn grønvasking av ein produksjon som vel alle no veit skadar klimaet på kloden vår. Gass som blir frigjord med straum frå land, vert likevel produsert, seld for gode prisar til andre land og for det meste brend der.

Verknaden for klimaet er stort sett den same som om gassen vert brukt på produksjonsstaden. Klimagevinsten for kloden vår er tilnærma null når gassen likevel blir brend i eit anna land. Tek me så med energitapet ved overføring i lange sjøkablar og gassleidningar, vert klimarekneskapen truleg negativ, og endå verre vert det om me reknar med klimaavtrykket frå fabrikasjon, legging og drift av kablar.

Overføring av gassbrenning til andre land får klimarekneskapen vår til å sjå finare ut, sidan det er bruken av fossilt brennstoff som blir rekna med, ikkje produksjonen. Noreg vil på den måte stå fram i eit meir høgverdig lys og får ned CO2-utslepp i sin økonomiske sone. Talspersonar for petroleumsverksemda skryter allereie av at norsk produksjon vert reinare med landstraum enn nokon annan stad i verda, men altså slett ikkje mindre.

I det globale perspektivet vert dei totale utsleppa til vår felles atmosfære heller større, men klimarekneskapen vår ser likevel finare ut. Me får dessutan selja gassen i staden for å bruka han sjølv, og petroleumsindustrien sparar CO2-avgift.

Argumentasjonen for straum frå land for å verna miljøet er difor etter ordboka reint hykleri. Ein gjev seg ut for å vera noko anna og meir høgverdig enn det som ein i handling er. Straumen som dei vil senda til havs, finst dessutan ikkje. Difor vil dei no øydeleggja freda vassdrag, og norske verksemder, heimar og hyblar betalar alt no blodpris for noko så enkelt som drift av maskiner, lys og varme.