Om «fri marknad» og kraftproduksjon
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det økonomiske fagspråket inneheld mange tekniske omgrep som etter kvart har glidd inn i både politikarspråk og daglegtale. Vi synest det høyrest bra ut med ein «fri» marknad, vi vil gjerne at både offentlege og private nyttar ressursane sine «effektivt», og vi vil om mogleg ha ei «optimal» fordeling av velferdsgoda i samfunnet.
Men når slike tekniske termar vandrar ut i dagleglivet, fungerer dei ikkje først og fremst som tekniske omgrep, men som politiske metaforar for litt uklare tankar om ein viss samanheng mellom omgrepet og ei ønskjeleg utvikling av næringsliv og samfunn.
I økonomisk teori er omgrepa definerte, og samanhengane mellom dei eksisterer innanfor veldefinerte modellar. I det verkelege livet vil samanhengane vere vanskeleg å finne. I modellane er det ein direkte samanheng mellom den «frie» marknaden og «effektiv» ressursutnytting og «optimal» velferdsfordeling. I det verkelege livet er det ikkje slik dersom ikkje alle føresetnadane som modellen byggjer på, er oppfylte, og det er dei i prinsippet aldri. På den marknaden vi i dag har for elektrisk kraft, sviktar fleire av føresetnadene.
Dei gode eigenskapane til ein «fri» marknad, det vil seie ein marknad med fri konkurranse både mellom produsentar og mellom konsumentar, byggjer på relativt enkle, men fundamentale føresetnader:
1. Talet på produsentar må vere stort, så stort at ingen einskild produsent gjennom eigen aktivitet kan påverke mengda av produktet på marknaden.
2. Talet på konsumentar må vere stort, så stort at ingen einskild konsument gjennom eigen aktivitet kan påverke etterspurd mengde av produktet på marknaden.
3. Både produsentar og konsumentar må oppføre seg «rasjonelt» i den meining at dei ser berre på pris når dei sel eller kjøper produktet på marknaden.
4. Kunnskapen om pris og kvalitet på produkta er fullstendig hos alle, og kunnskapen er tilgjengeleg utan kostnad.
5. Kostnaden for konsumentane ved å velje ein annan produsent må i prinsippet vere lik null.
I dag kan det reisast rimeleg tvil om den første føresetnaden er oppfylt. Etter at kraftmarknaden vart liberalisert, har det gått ein prosess med oppkjøp og samanslåing som drastisk har redusert talet på produsentar.
Ein av grunnane til at monopol kan utvikle seg, er at det finst barrierar for at nye produsentar kan komme inn på marknaden. På marknaden for elektrisk kraft vil det i dag vere vanskeleg for nye aktørar å komme inn. Ein annan grunn til at det kan utvikle seg monopol, ligg i stordriftsføremoner. I kraftproduksjon ved hjelp av vasskraft vil vassmengda setje grenser.
Den andre føresetnaden er truleg oppfylt. Talet på konsumentar er stort.
Den tredje føresetnaden er heller ikkje oppfylt, i alle fall ikkje for konsumentane. Manglande «rasjonalitet» hos konsumentane har likevel meir å gjere med investeringar i forbruksutstyr og drivkrefter i trongen for elektrisk kraft, enn med «rasjonalitet». I føresetnaden om rasjonelle konsumentar ligg det òg innbakt at trongen for produktet ikkje er styrt utanfrå. Trongen for produktet skal komme ut av den einskilde si vurdering av tilhøvet mellom inntekt, pris og nytte frå produktet. Men trongen for elektrisk kraft er i Noreg i svært stor grad fastlagd av lufttemperaturen ute, og han varierer derfor i takt for dei fleste konsumentane over året.
Den fjerde føresetnaden på kraftmarknaden er rimeleg godt oppfylt. Sjølv om kostnaden ved å skifte kraftleverandør ikkje er like låg som når ein i butikken skifter til ein ny type pølse, vil den konstante kvaliteten på ein kilowatt straum vege litt opp i høve til at det ikkje er heilt gratis å fastsetje kvaliteten på pølser.
På kraftmarknaden kan ein altså konkludere med at produksjonsteknologien i dag i alle fall gir barriereverknader for nye produsentar og kanskje også stordriftsføremoner. Dette burde føre til særlege reguleringar av produsentsegmentet.
Det burde ikkje vere vanskeleg å utvikle høvelege reguleringar av desse tilhøva. Men det ser ikkje ut til at det er ein allmenn innsikt i at ein «fri» marknad i lengda berre er «fri» dersom han er styrt av høvelege og strenge statlege reguleringar. Det som i alle fall er sikkert, er at når byråkratar og politikarar byrjar handle som om modellane var sanne bilete av røyndomen, da vil vanleg folk få svi. Den norske kraftmarknaden sidan 1990 er eit døme på dette.