Om Folketrygda og IPSPENSJONMARKUS HANSENOSLOI pensjonsranet 2005–2008 tok politikarane mange tusen i pensjon frå store grupper pensjonistar. Jens Stoltenberg var kjempestolt over at han hadde fått på plass det han kallar eit berekraftig pensjonssystem. D

Publisert

I pensjonsranet 2005­–2008 tok politikarane mange tusen i pensjon frå store grupper pensjonistar. Jens Stoltenberg var kjempestolt over at han hadde fått på plass det han kallar eit berekraftig pensjonssystem. Dei framtidige pensjonsbudsjetta til staten vart sett på brutal slankekur. Mange av oss syntest dette var frekt, på grensa til svindel. Vi var mykje rikare enn ved innføringa av Folketrygda i 1967. Likevel skulle dei kutte i pensjonen.

Nå vert IPS lansert, og Jon Hustad omtaler denne pensjonspareordninga som «Meir pengar til rike pensjonistar». Det er ein del av sanninga. Men IPS er også eit nytt døme på dobbeltmoralen til politikarene: Privat sparing til pensjon har vorte framelska og skattesubsidiert med brei pensel sidan 2005. Dette har vi råd til. Det er offentleg pensjonssparing gjennom Folketrygda som trugar velferdsstatens berekraft. Den har vi ikkje råd til. Her er det noko som skurrar.

Vekst i privat pensjonssparing har vore formidabel. Dette gjeld både individuell pensjonssparing og sparing gjennom tenestepensjonsordningar. Det er ikkje berre finansnæringa som tener på dette. Også dei som uansett ligg an til å få ein god pensjon, trygger framtida si på dette viset. På den andre sida har vi arbeidsuføre og folk med hardt arbeid og låg løn. Dei uføre har ingen tenestepensjonsordning. Dei fleste låglønte har lovas minimum.

Det er ein viktig skilnad mellom Folketrygdfondet og finansnæringa. Folketrygdfondet har ingen eigarar som krev utbytte. For eigarane, det er oss. Finansnæringa jobbar døgnet rundt for å finne nye produkt slik at eigarane kan verte nøgde med resultata. Eit slikt produkt er IPS. Men for at salet av IPS-avtaler skal ta av, treng dei skattesubsidiar. Ingen problem. Regjeringa elskar å kunne subsidiere finansnæringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement