Om emisjonar og kroppens batteri

Eit øyre kan meir enn berre ta imot og sende akustiske signal vidare til hjernen. Eit øyre skapar også eigne elektroniske signal, såkalla otoakustiske emisjonar.
Eit øyre kan meir enn berre ta imot og sende akustiske signal vidare til hjernen. Eit øyre skapar også eigne elektroniske signal, såkalla otoakustiske emisjonar.

Kronikk

Har du nokon gong vakna første nyårsdag med bomullskjensle i øyra og nedsett høyrsle? Då er det nok dei ytre hårcellene i det indre øyret som har fått seg ein karamell. Oftast vaknar dei til liv etter nokre timar, eller i verste høve etter nokre dagar, og du høyrer om lag som før. Om lag?

Publisert

Ein million menneske i Noreg har nedsett høyrsle, seier dei i Hørselshemmedes landsforbund (HLF). Dei aller fleste av desse har sviktande funksjon i det indre øyret. Kvifor? Dei fleste høyrsletap kjem av tap av skade på ytre hårceller.

Sniglehuset er bygd opp av væskefylte holrom med membran mellom. På denne såkalla basilarismembranen ligg høyrsleorganet, som er samansett av dei indre og ytre hårcellene i tillegg til nerveendingar frå høyrslenerven. Lydar set membranen i rørsle, som utløyser impulsar frå indre hårceller til nervecellene og vidare opp til hjernen.

Men kva skal vi med dei ytre hårcellene? Dei er øyrets eigen forsterkar. Dei kan røre seg synkront med lyden og trekkje seg saman som muskelceller og aukar såleis presisjonen og rørsleutslaget i basilarismembranen med mange gonger. All denne rørsla krev ei mengd energi, og dei ytre hårcellene inneheld difor massivt med mitokondriar, som er brenslemotoren til cellene.

Skapar eigne signal

Det er litt meir enn 40 år sidan nokre engelske forskarar klarte å vise at eit øyre ikkje berre kan ta imot og sende signal vidare til hjernen. Eit øyre skapar også eigne elektroniske signal, som kan målast i øyregangen med sensitive instrument. Dei vart kalla otoakustiske emisjonar.

Etter kvart blei det klart at desse emisjonane er overskotsenergi som lek ut frå dei ytre hårcellene når dei vert sette i arbeid. Då ein forstod at denne kjennskapen kunne brukast til objektive høyrslemålingar, var alt klart for ein medisinsk revolusjon. I dag er målingar av otoakustiske emisjonar hos nyfødde ei allmenn screeningundersøking i dei fleste utvikla land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement