Om DIKTEILERT KVERNESSKIENDette er vel det mest kjende diktet av Per Sivle frå songbøker og andre publikasjonar av og om Vossa-diktaren. Diktet, eller songen, er kjend med dei tre versa om stod på trykk fyrste gongen i 1877 då Per hadde starta på 20-åra.

Publisert

Dette er vel det mest kjende diktet av Per Sivle frå songbøker og andre publikasjonar av og om Vossa-diktaren. Diktet, eller songen, er kjend med dei tre versa om stod på trykk fyrste gongen i 1877 då Per hadde starta på 20-åra. Han hadde au skrive nok eit vers, men det er ukjent for dei som ikkje har gjort noko for å få tak i det. Per høyrer liksom songen frå mor si stige opp or grava – den song som allting heilar. Og så konkluderar han med:

Den songen er om Jesus Krist,

vår frelsar og forsonar,

den syng ho no, det veit eg visst

blant himmelens millionar.

Årsaka til at det siste verset er utelatt, har eg lese å vere at mora Susanna Ryen prøvde sjølmord ved drukning (som ugift og med tvillingar i magen). Etter den tids offisielle moral var slike ikkje «kvalifisert» til å få ei grav i vigsla jord. Er det då slik å forstå at ettertida har gjort seg til doms og meiner at mora ikkje er å finne «blant himmelens millionar»? Susanna fekk tvillingar tre gonger på to og eit halvt år, fem var dødfødde og Per var den einaste som jordmora greidde å få liv i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement