Om årsaker til klimaendringaneKlimaOddvar SkreFanaI sitt tilsvar i Dag og Tid 19. januar til min og klimaforskar Øyvind Nordli sine kommentarar til hans kronikk i Dag og Tid 8. desember etterlyser Gunnar Abrahamsen, tidlegare forskar ved Norsk Institutt fo

Publisert

I sitt tilsvar i Dag og Tid 19. januar til min og klimaforskar Øyvind Nordli sine kommentarar til hans kronikk i Dag og Tid 8. desember etterlyser Gunnar Abrahamsen, tidlegare forskar ved Norsk Institutt for Skogforskning (NIBIO) ei forklaring frå oss på kva som er dei naturlege årsaker til klimaendringar, og at dagens klimaforsking legg for mykje vekt på dei menneskeskapte årsakene. Han stilte det retoriske spørsmålet «Når menneskeskapte klimagasser umulig kan forklare temperaturvariasjonene de siste 12.000 årene, hva er da årsakene til disse?»

Dette er etter mi meining å snu saka på hovudet, difor skreiv eg at det var feil spørsmål. Det spørsmålet han heller burde stilla, er kor vidt naturlege årsaker kan forklara dei temperatur- og CO2-variasjonane som har skjedd i den siste 50-årsperioden eller ikkje. Dei aller fleste – over 90 prosent – av dagens klimaforskarar meiner nei, at det hovudsakleg må koma av menneskeleg aktivitet, først og fremst utslepp av klimagassar som CO2 og metan. Dei fem varmaste åra har alle saman vore etter tusenårsskiftet, og samanfallet med kurva over CO2-konsentrasjonen er påfallande. Klimaforskar Øyvind Nordli påpeikar òg dette i sitt svar til Abrahamsen i Dag og Tid 29. desember. Dette betyr ikkje at forskarane ser bort frå dei naturlege årsakene, men dei meiner berre at desse åleine ikkje kan forklara den globale oppvarminga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement