Om å leva med Kina

Publisert

«Vesten må halda på det teknologiske og økonomiske forspranget som me har hatt dei siste hundreåra», skriv Halvor Tjønn i ein spanande analyse av korleis me skal kunna leva med eit sterkt og sjølvsikkert Kina dei neste tiåra (Dag og Tid 9. juli 2021). Svaret han gjev, er òg interessant: «Det me heilt sikkert ikkje må gjera, er å svekkja det alliansesystemet som held dei demokratiske landa saman, slik Donald Trump var i ferd med å gjera.»

Eg er heilt samd i det, og den beste måten å gjera det på er å knyta Europa tettare til USA i åra som kjem. Det freista forgjengaren til Trump, Barack Obama, å gjera gjennom ein djuptgåande avtale om meir handel og investeringar på tvers av Atlanteren i ein avtale som gjekk under namnet Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP).

Forhandlingane om denne avtalen, mellom EU og USA, starta i 2013, men vart altså avbrotne i 2016, etter at Donald Trump kom til makta i USA med slagordet «Make America Great Again». Nokre månader før hadde eit fleirtal av dei røysteføre britane sagt seg ferdige med EU-medlemskapen etter meir enn 40 år, med orda «I want my country back!». Plutseleg var det ingen som lenger snakka om noko djuptgåande samarbeid på tvers av Atlanteren.

Med Storbritannia ute or EU og ein meir europavennleg president i Det kvite huset kan forhandlingane om denne avtalen kanskje takast opp att? Om så skjer, treng me òg ein ny debatt her til lands om korleis Noreg skal finna sin plass mellom aust og vest dei neste tiåra, og då må òg spørsmålet om Noreg skal melda seg inn i EU, koma opp att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement