Om å lage religion
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I 1981 var eg på Ustaoset på eit kyrkjehistorisk seminar. Til lunsj noterte eg at mange av teologane drakk to glas vin. Eg forstod at eg var landa blant liberale folk. Eg undra: Kor mykje drikk dei til middag? Svaret var: eitt glas. Eg, ein ateist og lutheranar, drakk vatn til lunsj og mange glas vin til middag.
Om kvelden sat vi i badstua. Eg spurde Hognestad om han ikkje såg føre seg eit liv som forskar. Med eit smil svara han: «Eg vil ikkje forske på religion, eg vil lage religion.»