Om å følgje med i timenUndervisningPer Tore DalenLektor Simon Malkenes ved Ulsrud vidaregåande skole i Oslo har fått refs av rektor for åtferda si i eit Dagsnytt 18-program. Malkenes ville i dette programmet 5. mars syne kor vanskeleg undervisninga vert på
Lektor Simon Malkenes ved Ulsrud vidaregåande skole i Oslo har fått refs av rektor for åtferda si i eit Dagsnytt 18-program. Malkenes ville i dette programmet 5. mars syne kor vanskeleg undervisninga vert på skolar råka av det han meiner er eit urettvist inntakssystem. Det fører til opphoping av ressursveike elevar på visse skolar. Ved dette høvet meiner rektor han har brote opplæringslova ved å krenke elevar. Utdanningsdirektør i Oslo Astrid Søgnen gjev rektor medhald i dette. Det er dei som skumlar om at omsynet til elevane berre er eit påskot for å gje ein brysam lærar ein smekk. Kanskje skaper han berre forvirring?
Kva handlar då eigentleg saka om? For Malkenes er det altså eit inntakssystem som får undervisninga til å verke som rein parodi. For dei overordna er det noko anna. Men for å få betre grep om dette må vi spole litt attende. Det er det Anne Langballe gjer i Klassekampen 26. april. Ho refererer eit Dagsnytt 18-program 8. februar, der vi fekk høyre at Utdanningsetaten hadde engasjert eit konsulentfirma (EY), med prislapp på 1,6 millionar kroner, for å hjelpe Ulsrud og andre «problemskolar». Malkenes skildra korleis møtet med EY arta seg. Konsulenten kommuniserer, slik Langballe refererer Malkenes, ved «hjelp av plansjer med masse piler og rundinger, masse ord av typen […] rotårsak, fasilitetere, ståstedsanalyse, eierskap til reformene». Malkenes meinte konsulenten ikkje tok tak i problemet, altså inntakssystemet. Det gjer heller ikkje etter dette synet utdanningsdirektør Søgnen. Og det er unekteleg grunn til å spørje korleis den slags konsulent-abrakadabra kan løyse problemet. Det krev meir innsikt i korleis Søgnen & Co tenkjer.
Vi får hjelp av Per Tronsmo i Aftenposten 26. april, same dag som Langballe sitt innlegg i Klassekampen. Tronsmo talar frå toppen av det nasjonale byråkratiet. Han fortel at han som stabsdirektør i Utdanningsdirektoratet tok initiativ til det som i 2008 vart den nasjonale rektorutdanninga. Ein leiar må sjå heilskapen, og det er tydeleg at han meiner Malkenes og andre deltakarar i debatten ikkje gjer det. Nokre skolar er ikkje gode nok, men med god leiing kan dei bli det. Slik må vi forstå han.
Brikkene tek til å falle på plass i det biletet Utdanningsetaten og Utdanningsdirektoratet vil vi skal sjå. Fritt skoleval er eit system med marknaden som modell. Uhindra av politiske inngrep konkurrerer søkjarar og skolar. Det motiverer alle til å yte sitt beste. Leiinga på dei einskilde skolane må då sjølvsagt vere som i andre verksemder på ein marknad. Med god leiing kan skolane konkurrere betre. Marknad og moderne leiing heng saman.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.