Om å flørte med nazismenIdeologiEivind HasleSurnadalEtterpåklokskap er ein sikker vitskap. No er det Mikkjel Fønhus som er «gjenoppdaga», og det blir sagt at han flørta med nazismen (jf. Dag og Tid 14. september). For få år sidan var det Olav Duun som fekk
Mikkjel Fønhus – mens motoren surrar (1919). Mikkjel Fønhus – mens motoren surrar (1919).
Foto: Norsk Indian-klubb Foto: Norsk Indian-klubb
Etterpåklokskap er ein sikker vitskap. No er det Mikkjel Fønhus som er «gjenoppdaga», og det blir sagt at han flørta med nazismen (jf. Dag og Tid 14. september). For få år sidan var det Olav Duun som fekk slike skuldingar mot seg. Bakgrunnen for begge var at dei hadde trekk i tenkinga og litteraturen sin som også fanst i nazismen, dei selde bøker i store opplag i Tyskland utover 1930-talet, og dei lét seg overtale til å reise på foredragsturné i det nazistyrte Tyskland på 1930-talet.
Personleg synest eg ein skal vere varsam med slike konklusjonar. For det første var Tyskland eit land som norske forfattarar og kulturarbeidarar historisk hadde hatt svært mykje kontakt med – langt meir enn til dømes Storbritannia, Frankrike og USA. Svært mange forfattarar gjorde det godt i Tyskland, det galdt ikkje berre forfattarar som Trygve Gulbrandsen, Mikkjel Fønhus og Olav Duun, men også til dømes den katolsk-konservative Sigrid Undset (som vart forboden av nazistane), den sosialdemokratiske Johan Falkberget og den Venstre-liberale forfattaren Olav Gullvåg, som var blant dei den tysk-jødiske litteraturkjennaren og forlagsmannen Max Tau hjelpte fram. Det er samtidig viktig å ha i mente at det var mykje i den nasjonale Venstre-ideologien etter 1905 som gjorde det lett å ha sympati med mange trekk i den nasjonalsosialistiske ideologien. Det illustrerer til dømes Rolf Brandrud godt i den store biografien om Mikkjel Fønhus, Drømmejegeren, frå 1993.
Så kan ein sjølvsagt seie at var naivt å ikkje forstå at dei nazistiske styresmaktene på 1930-talet ønskte å bruke kontakt med norske forfattarar i si eiga marknadsføring, og at tyske kulturorganisasjonar som Nordische Gesellschaft frå 1921 seinare var overtatt av nazistar. Organisasjonen var svært aktiv, og mange skandinaviske forfattarar fekk gode tilbod om spennande turnear. Johan Bojer og Barbra Ring var aktive støttespelarar i landet vårt, og personar som Ronald Fangen og Tore Ørjasæter var også blant dei forfattarane som lét seg freiste.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.