Olje og alkohol – ei samanlikning

Publisert

Eg arbeidde fleire år i rusomsorga. Røynsler derifrå gjorde at tankar steig opp i meg, ubedne, då eg las artikkelen «Kor lenge skal vi leite?» i Dag og Tid 27. august. For eg ser ein del likskapar mellom «oljeverda» og «alkoholverda» i det å vera avhengig. Ikkje bokstavelege likskapar sjølvsagt, men likevel til ettertanke.

Entusiastane for begge desse områda fokuserer på fordelar og nyting på kort sikt, medan fornuft og rasjonalitet har ein lei tendens til å prella av når det gjeld konsekvensar på lang sikt. Forskingsbaserte dokument frå IEA og FNs klimapanel talar med alvor om dei negative konsekvensane av oljeutvinninga. Og u-moralistiske, forskingsbaserte WHO-rapportar talar med alvor om alkoholen som del av verdas sjukdomsbør. Men alt slikt har ein eigenarta evne til å verta nedtona i ordskiftet. Då er det gjævare å snakka om at «norsk oljeutvinning er den mest miljøvennlege i verda» (som er sant, men ei delsanning), og at «alkohol også har gledesbringande sider» (som er sant, men også det ei delsanning).

Oljeverda og alkoholverda har vidare det til sams at samfunnselitane stort sett talar vel om dei begge. Høvesvis som eit lykkebringande «eventyr» og som «kultur».

Ein annan likskap er at dei begge plar avvisa oppmodingar til reduksjon eller måtehald som moralisme (utan at dei definerer kva dei meiner med moralisme).

Og ukritiske oljeentusiastar talar gjerne om at olja er naudsynt for å berga velferdsstaten, dei fuktige sjeler talar om at alkohol er naudsynt for personleg velferd, til dømes mot angst, smerte og keisemd.

Å vera avhengig eller hekta inneber som kjent å hengja i noko, å ikkje heilt kunna setja eigne, sjølvstyrte føter på fast grunn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement