Olav Nygard

Olav Nygard (1884–1924).
Olav Nygard (1884–1924).Olav Nygard (1884–1924).
Publisert

Tusen takk til Dag og Tid for at de set fokus på lyrikaren Olav Nygard ved å trykkja dikt frå den siste diktsamlinga hans, «Ved vedbande», som kom ut for hundre år sidan, eit år før han døydde berre 40 år gammal. Det gler meg storleg!

Det er nok ikkje mange i dag som kjenner til denne særmerkte diktaren frå Modalen i Hordaland. Det er fleire grunnar til det, han fekk berre utgjeve fire diktsamlingar i si levetid, og både språkform og innhald er vanskeleg tilgjengeleg.

Olav Nygards språk er rikt og variert med mange gamle uttrykk og samansette former som dei fleste vil trenga ordbok for å få med seg. Det han vil formidla, går òg langt utover kvardagsrealismen, Olav Nygard var ein visjonær mystikar som prøvde å gje «ljodham» til det Asbjørn Aarnes kallar det «ugjensigelige» med referanse til Charles Baudelaire. Det viser og til hans eigne erfaringar, som når han i «Minnevigsle» skriv om «den vaaren fyrehenge rivna», og han fekk eit glimt inn i den andre verda.

Som poet blir han av mange rekna som ein av dei store, Claes Gill uttrykte ein gong at hadde Olav Nygard uttrykt seg på eit verdsspråk, ville han hatt eit namn i verdslitteraturen, saman med Keats, Burns og Shakespeare som han og omsette. Når eg skriv dette, sit eg med førsteutgåva av Flodmaal frå 1913, kjøpt av svigerfar min for meir enn nitti år sidan og med hans understrekingar og små kommentarar. Det er som ein lysande liten skatt.

Skal ein framheva eit dikt av Olav Nygard, må det vera «Til son min», som var mellom dei dikta som låg att då han døydde så altfor tidleg. Asbjørn Aarnes framhevar òg dette diktet som eit høgdepunkt i Nygards dikting, ja, kanskje i norsk lyrikk i det heile (Poesien hos Olav Nygard, Pax 2004). «Far, skal eg få eit dikt?» spør sonen Sigurd. Faren svarar: «Ja, og det er eit dikt som ingen son i verda har fått maken til.» Kanskje han hadde rett i det? Eg siterar den fantastiske avslutninga av diktet:

Daa brast dei aandelett æterkringar,

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement