Økonomane og framtida
Økonomi
I Dag og Tid 11. mai 2018 skriv Jon Hustad eit omfattande innlegg om rør om framtida. Sjølvsagt har Jon Hustad rett i at økonomar ikkje veit meir om framtida enn andre gjer. Gode økonomar veit at dei veit strengt teke ikkje noko om framtida, det er difor dei er økonomar. Men ein brukbar økonom kan litt historie og kan gje nokre råd om kva som kan vera lurt å gjera framover. Eitt råd kan Jon Hustad få: Sørg for å få opp inflasjonen, så kan altfor låge renter også gå opp, det veit økonomar noko om.
I 1975 delte Tjalling Koopman minneprisen i økonomi med Leonid Kantorovitsj, og Milton Friedman fekk prisen i 1976. Etter det starta land i den vestlege verda å leggja om til ein økonomisk politikk der pengepolitikken stod svært sentralt.
Bak eit tynt ideologisk lag viser historia at pengepolitikk kombinert med store skattekutt er ein dårleg økonomisk politikk. Ute i Europa har ein slik politikk i EU og Tyskland skapt stor arbeidsløyse og kasta bort store verdiar. Nærare 9 prosent av alle arbeidsfolk i eurosona melder seg arbeidslause. Det tilseier at minst 10 prosent ønskjer, men ikkje får seg arbeid.
I norske nasjonalbudsjett er verdien som sit i hovudet, hendene og kroppen på arbeidskrafta, rundt 20 «oljefond»!
Med ein mindre del av Oljefondet kan staten kjøpa alle norske børsnoterte selskap, så verdien av børsselskap blir «lommerusk» om vi samanliknar han med verdien av arbeidskrafta eit samfunn rår over og kan utnytta.
Landa i eurosona kastar kvart år bort fleire oljefond ved ikkje å nytta meir av den viktige formuen dei skal leva av.
Berre ved at EU, og landet vårt, legg om til ein heilt annan økonomisk politikk, får vi fleire folk ut i arbeid.
Med store skattekutt og lågt rentenivå kastar styremaktene «gratis» pengar etter private investorar. Det skaper iallfall vekst. Gje heller pengane til lokalt næringsliv som treng dei og veit å bruka dei om dei får dei.
Då går inflasjonen opp for dei og oss andre, så nye investeringar vil løna seg. Det vil også gje vanlege folk meir å rutta med.
Sjå til USA, der Obama fekk opp dampen i økonomien. Då blei det meir inflasjon og rentenivået i USA byrja å stiga.
Svaret til Jon Hustad er at den altfor låge inflasjonen ikkje får rentenivået opp. Det er vel motsett av det han hevdar?
Olav Hauge er økonom.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB