Utdanning
OK med jukselapp i skulen
Elevar på Deichmanske bibliotek i Oslo.
Skal elevar på vidaregåande skular berre «gulpe opp» det som står i læreboka? Dersom dei får ha med seg jukselapp på prøver, kan dei syne at stoffet kan vere til nytte for dei.
Som didaktikklærar i yrkesfag ved det som i si tid heitte Høgskolen i Akershus (HiAk), på Bygdøy, har eg god erfaring med visse didaktiske knep. Kan desse framleis brukast i dagens skule? Ny utprøving vil kunne gje svar på det.
Framgangsmåten var at eg som lærar kom med nokre didaktiske idear, men det var studentane som skulle finne ut korleis ideane skulle gjennomførast i praksis. Studentane var alle i undervisningsstillingar ved vidaregåande skular, men tok også praktisk-pedagogisk utdanning ved HiAk på same tid. Det vil seie at dei kunne prøve ut ideane på skulane sine. Etter nokre vekers undervisning på heimeskulen kom dei att med verdfulle justeringar og røynsler. Slik blei dei didaktiske ideane grundig sjekka og tilpassa kvardagen på vidaregåande skular. Og ikkje minst hadde det skjedd forbetringar.
Ei problemstilling i den vidaregåande skulen er at ein må bruke tid på å kontrollere at læring har skjedd. Det er eigenleg bortkasta tid. Men kontroll, det vil seie prøver, kan fungere som effektiv læring. Til det føremålet utvikla vi jukselappen, som vel å merke ikkje skulle brukast ved tentamen eller eksamen. Det er på slike prøver læraren får det viktigaste grunnlaget for å setje standpunktkarakterar.
Ein ekstra motiverande gimmick var at læraren sa at på neste prøve er det lov å jukse.
Elevane fekk vite at om fjorten dagar vil det vere skriftleg prøve i det som til dømes står på side 30–70 i læreboka. No kan det like gjerne vere prøve i ein frittståande fagartikkel som erstatning for læreboka. Men på prøva er det lov å ha med jukselapp. Denne må eleven sjølv utforme. Å få nokon andre til å lage jukselapp for seg ville i alle høve fungere dårleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.