Også skattebetalarar kan ha pengar til overs

Publisert

Skribent Siri Helle spør meg i Dag og Tid 3. september om me ikkje skal sjå på korleis rikfolka som gjev pengar til å kjempe mot fattigdom, har tent milliardane sine. Sjølvsagt skal vi det. Difor har vi og dei fleste andre organisasjonar etiske regelverk og ein kontinuerleg intern samtale om ulike etiske høve ved dei gåvene me mottar.

Helle skriv vidare at ho skulle ynskje at det var ein million gongar meir ærefullt å betale skatt som å starte ei filantropisk stifting. Og eg spør kvifor det eine må utelate det andre? Mange verksemder betalar skatt, har gode avtalar og ordningar med dei tilsette og går samstundes med overskot. Mange av desse vel òg å nytte delar av sitt overskot på å gje utdanning til born i fattige land eller andre tiltak for å gjere verda til ein litt betre stad i Noreg eller utanfor Noregs grenser.

Bakteppet no er at vi har ni år att før FN sine berekraftsmål skal vere nådde. Før koronaen såg det ut til at me kunne nå fleire av måla. Men med koronapandemien har til dømes langt over 100 millionar fleire menneske kome i ekstrem fattigdom.

Samstundes har vi sett i stortingsvalkampen i Noreg at det nesten ikkje er debatt eller merksemd om dei utfordringane som koronaen har gjeve utanfor vårt eige land. Mens vår oppleving er at stadig fleire private verksemder har berekraftsagendaen høgt i sitt medvit og sine planar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement