Offside om distriktsmålet
Foto: Agnar Kaarbø
Med fleire fotballmetaforar angrip Siri Helle eitt av hovudmåla i Distriktsmeldinga. Eg synes vi heller bør jobbe saman for å treffe målet.
I Dag og Tid fredag 23. juni går skribent Siri Helle ut mot det mest omtalte målet i Distriktsmeldinga: at folketalet skal auke i distriktskommunar. Ho meiner dette er både feil og merkeleg.
Eg er ikkje einig. Gjennom fleire tiår har skiftande regjeringar hatt som mål å «halde på hovudtrekka i busettingsmønsteret». Sjølv om vi har lykkast betre enn mange andre land, har likevel sentraliseringa vore sterk. No slit mange distriktskommunar med ei aldrande befolkning og få barn og unge.
Men det er ikkje eintydig. Fleire stader har negativ folketalsutvikling blitt snudd til optimisme og framtidstru. Mange stader langs kysten har havbruk og turisme gitt nytt engasjement, nybygging og auka folketal. Eit eksempel på ein stad med ny optimisme er der vi la fram meldinga, i Gloppen kommune på Vestlandet.
Det er ikkje heilt enkelt å sjå kvifor Helle meiner målet om folketalsauke er så negativt, for ho er jo sjølv tilhengar av at vi treng fleire folk på bygdene. Då synes eg vi heller bør sjå på korleis vi kan nå målet. Regjeringa vil sørgje for utbygging av breiband og digital utvikling. Det vil gjere det enklare å få nye verksemder og gi moglegheit for å jobbe frå mindre stader. Vi vil gi kommunane meir makt til å avgjere plansaker sjølve, med meir lokal tilpassing. For eksempel kan ikkje lite tilgjengeleg strandsone i indre Oslofjord føre til at ein ikkje kan bygge anlegg for kajakkutleige på Nordlandskysten.
Vi vil ha tillitsreform og forsøksordningar der kommunane sjølv kan teste ut nye måtar å tilby gode tenester på. Vi vil ha tilbod om utdanning over heile landet. Vi veit at dei som tar høgare utdanning nær heimbygda, oftare blir buande i distrikta. Og dei som har jobb og familie, er mindre mobile. Dei treng nærleik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.