Observatør frå ein framand kulturKulturHallvard HegnaAtråI Dag og Tid 2. februar hadde Svein Gjerdåker eit interessant intervju med Walid al-Kubaisi. Han er frå Irak og er 60 år, men han har vore i Noreg halve livet sitt, og han er ein «assimilert» innvand

Walid al-Kubaisi fortel ei sanning som burde få oss norske til å tenkja oss om, skriv Hallvard Hegna.
Walid al-Kubaisi fortel ei sanning som burde få oss norske til å tenkja oss om, skriv Hallvard Hegna.
Publisert

I Dag og Tid 2. februar hadde Svein Gjerdåker eit interessant intervju med Walid al-Kubaisi. Han er frå Irak og er 60 år, men han har vore i Noreg halve livet sitt, og han er ein «assimilert» innvandrar i landet. Walid meiner denne nemninga er betre enn «integrert», som har tydinga «tilpassa». For han vil alltid vil kjenna seg knytt til sin eigen kultur, men dette hindrar han ikkje i ogso å vera ein elskar av norsk kultur, som han har gjort seg godt kjend med: heile den norske kulturarven – frå Henrik Wergeland og Ivar Aasen.

«Eg elskar nynorsken, det er språket til englane. Eg har teke til å tru at norsk poesi i framtida må skrivast på nynorsk», seier han. «Det er noko med klangen som er uslåeleg.» Det er flott å høyra dette. Men Walid er pessimist, som alle kan verta når ein tenkjer på haldninga som rår i dag.

For Walid seier òg: «Eg er lei meg for motstanden som nynorsken har opplevd. Men eg veit grunnen: Nordmenn har ikkje tru på seg sjølve og eigen identitet, og dei har gløymt opphavet sitt. Dei har til og med gløymt Ibsen, Wergeland, Vinje og Garborg.» Ja, dette seier ein observatør frå eit fjernt land, ein som veit kva det er å ha ein kultur.

Svein Gjerdåker seier at han ikkje lika Walid al-Kubaisi før han vart kjend med han. Dette er ikkje Walid overraska over. «Det er mange som ikkje likar meg, som ikkje likar at eg er så direkte», seier han.

Dette tykkjer eg er positivt ved Walid al-Kubaisi. Han fortel oss ei sanning som burde få oss norske til å tenkja oss om. Me hadde ein kultur, ogso her i landet, ein kultur som folket kjende.

I 1945, då Arnulf Øverland var heimkomen frå fangeår i tysk konsentrasjonsleir, sa han:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement