JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Nyskapnad og att­vinning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2262
20181123
2262
20181123

Songlyrikk

Eg har alltid vore begeistra for (store delar av) Mark Knopflers songskriving, både i gruppa Dire Straits og som soloartist. Gjendiktinga av Markens grøde i songen «Telegraph Road» er i mine auge på høgd med Bob Dylans beste. Like fullt har eg hatt ei uggen kjensle sidan albumet Tracker kom ut for tre og eit halvt år sidan.

Kvifor? I songen «Long Cool Girl» høyrer vi:

All I do is think of you

As I go around the world

All I do is think of you

Long, cool girl

Å rima girl på world høyrdest så kjent ut! Berre eit par spor tidlegare på same album lyder refrenget i songen Basil:

I’m a jack and a lad

And I’m up for the world

And I’ve kissed a Gateshead girl

Og så dukkar same rimet jammen meg opp i bonussporet «My Heart Has Never Changed»:

She comes to pour more coffee

But it’s time to see more world

I pick up my check and keys

And go and pay the girl

Tre tilfelle i samband med same album! Mimrar vi lenger tilbake enn nokre spor tidlegare på same album, finn vi det same mønsteret, og fenomenet synest å ha starta med songen «Tunnel Of Love» frå albumet Making Movies (1980) i Dire Straits-æraen:

And the big wheel keep on turning neon burning up above

And I’m just high on the world

Come on and take a low ride with me
girl

On the tunnel of love

Deretter gjekk det eit godt bel før tråden vart plukka opp att på Golden Heart-albumet (1996). Der høyrer vi same rimet i songane «No Can Do» og «Vic And Ray», i tillegg til «My Claim To Fame», som vart gjeven ut som singel saman med «Darling Pretty» frå same album. Rimet står så opp igjen i «A Place Where We Used to Live» frå albumet The Ragpicker’s Dream (2002) og igjen på både «All That Matters» og tittelsporet til Shangri-La (2004).

Ikkje eingong filmmusikken Mark har skrive er skåna: medan rulleteksten rullar over skjermen i slutten av filmen Metroland frå 1997, blir vi presenterte for girl–world-rimet igjen.

Likevel er vi mange som gleder oss til kvart nye Knopfler-album. Og kanskje er det nettopp det gjenkjennelege vi er så begeistra for. Så kvifor skal han eigenleg byta frå ei oppskrift som verkar? Gjenbruk er uansett i vinden for tida, og eg gler meg til å høyre albumet Down The Road Wherever, som kjem ut i desse dagar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

Foto: Paal Audestad

BokMeldingar

Ho som får ting til å skje

I Jægtnes’ fantasifulle soge går fakta og fiksjon opp i ein medrivande heilskap.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis