Nynorskopplæring for lærarstudentar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Språkstatus 2021 frå Språkrådet er kommentert i Norsk Tidend 4/2021. Rapporten refererer til forsking som viser at «mange lærarar har for dårleg kompetanse i nynorsk. Det er grunn til å meine at manglande lærarkompetanse og negative haldningar til nynorsk er medverkande årsaker til at fleire elevar, særleg i vidaregåande skule, vil byte opplæringsmål frå nynorsk til bokmål», heiter det.
Dette siterer professor emeritus Tove Bull, som legg til i kommentaren sin at «mange utdanna lærarar, som trass i å vere sertifiserte som lærarar, ikkje er kvalifiserte til å undervise i nynorsk». Ho nemner òg «journalistar i ulike medium. Kort sagt: Mange av dei som skal kunne nynorsk, kan det ikkje». Dette kan ein sjå i avisene kvar dag.
I denne samanhengen kan det truleg vera interessant å høyra korleis opplæringa for lærarstudentar var i «gamledagar». Eg gjekk studentlina på Elverum lærarskule i 1949–1951. Då måtte ein velja språk i stilane: norsk- og pedagogikkstil. Dei fleste valde å skriva «ped-stil» på nynorsk; dei hadde ikkje nynorskbakgrunn.
Eg hadde hatt nynorsk som hovudmål i folkeskulen og gymnaset, med god karakter til eksamen. Men det var pedagogikklæraren på lærarskulen som lærde meg nynorsk skikkeleg. Dette gjorde han med å retta strengt – i samsvar med tradisjonell nynorsk, som rådde grunnen i den tida. Soleis trur eg pedagogikklæraren gjorde alle elevane til habile nynorsklærarar.
Men kor lenge vara denne ordninga ved lærarskulane? Eg spurde nyleg ein tidlegare kollega som gjekk på lærarskulen frå 1970. Han sa at nynorskopplæringa ikkje var særleg god.
Å læra eit språk kan ein berre ved å bruka det. Soleis var denne ordninga ideell.
Men til skilnad frå no var nynorsk den gongen eit einskapleg språk; no er det «laust» og ubestemmeleg. Difor er det vanskeleg å læra nynorsk i dag; og det er vanskeleg å vera lærar.
Dette peika Edvard Hoem på i talen han heldt på landsmøtet i Mållaget i 1992: «Språket kan knapt lærast bort til folk som ikkje har norsk som morsmål, og er vanskeleg sjølv for dei som har hatt det som skulemål», seier han, og han nemner at «i dag er nynorsk eit språk med tre slag infinitivendingar (Det Norske Teatret har kløyvd infinitiv på scenen og e-infinitiv i programheftet), to slag preteritum, og ei rekke valfrie former i substantiv og verbalbøyinga, og når det gjeld enkel og dobbel konsonant – og ei rekke valfrie skriftformer som gjer at sjølv lærarar med 12 og 15 års opplæring slår opp for å finne kva som er rett.»
Hoem meinte dette «formdemokratiet» fører til at folk ikkje finn seg til rette med nynorsken som «sitt språk».
Og i 2012-rettskrivinga vart klammene fjerna, dei som prioriterte mellom nynorsk- og bokmålsformer. No skal alt reknast for god nynorsk. Dette gjeld både einskildord og bøyingar av verb og substantiv. Når til dømes tradisjonelle a-verb vert bøygde som i bokmål, og e-verb vert til a-verb, då vert den karakteristisk nynorske stilen broten, og det vert simpel nynorsk.