Språk

Nynorsken er pressa

Publisert

Nynorsk i skulen har vore under press i lang tid. Sidan 1950 har nynorskprosenten minka år for år. Lenge var det likevel slik at talet på nynorskelevar heldt seg rundt 80.000. Det nye er at elevtalet minkar.

Kva og kven er det då som pressar? Det blir for enkelt å seia at presset kjem frå bokmålet. Presset og motstanden kjem på sine stader og oftast frå kommunen og skulen.

Det som då hender, er at foreldre til minst ti elevar har bede om, og etter opplæringslova fått, bokmålsklasse. Snart tek skulen over og lagar sjølv bokmålsklassar år etter år. Det er i strid med opplæringslova, og vips, så har skulen to opplæringsmål og er ikkje lenger nynorskskule.

Slik har det gått føre seg i nokre kommunar i Rogaland, i andre kommunar ikkje. I fylket er det difor store skilnader, og biletet er ikkje så eintydig som det kunne sjå ut i reportasjen i Dag og Tid. Kommunane i Nord-Rogaland har stabile eller aukande tal på nynorskelevar. Av kommunane i landet med flest nynorskelevar er to i Sør-Rogaland.

Nynorsken i skulen treng vern og forsvar. Dette trengst meir enn før, og nynorsken har lenge hatt det, både frå målfolk og bokmålsbrukarar. Frå 1970-åra var nynorsk skulemål hovudoppgåva for Noregs Mållag. Resultat av dette var at ein fallande nynorskprosent flata ut, og at prosenten heldt seg oppe nokre år. I 1999 vedtok Noregs Mållag at skulemålet ikkje lenger skulle vera hovudoppgåva. Det som trengst, er at nynorskinteresserte held seg orienterte om stoda, varslar andre og hjelper kvarandre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement