Nynorsk på sotteseng?SpråkArne SølvbergNynorsken er under sterkt press. Fleire politiske parti programfestar at sidemålet skal bort. NRK, som hittil har vore eit ankerfeste for nynorsken, er i ferd med å forandra profil. Sunnmøringane vert erstatta av innv

Publisert

Nynorsken er under sterkt press. Fleire politiske parti programfestar at sidemålet skal bort. NRK, som hittil har vore eit ankerfeste for nynorsken, er i ferd med å forandra profil. Sunnmøringane vert erstatta av innvandrarar. Språket vert forandra, frå vestlandsk nynorsk til oslodialektar. Engelsken får eit stadig sterkare grep på norsk talemål, både bokmål, nynorsk og dialektar. Etter mi meining har nynorskfolket mykje av skulda for svekkinga av nynorsken.

Viljen til forandring er for svak, både når det gjeld ordtilfang og språkleg struktur. Viljen til å vera forskjellig frå bokmålet er for sterk.

Eksempel på meiningslaus konservatisme i ordtilfang: ordet liten er godt norsk. Men på nynorsk heiter det litle (eller lisle), mens lille er eit forbode bokmålsord. Altså kan vi seia både litlegut og lislegut, mens lillegutt er forbode. Fullstendig meiningslaust.

Vidare når det gjeld språkleg struktur: Genitivs-s er langt på veg forbode i nynorsk, men er til dei grader levande i annan norsk. Norsk språkråd gir oss råd om at vi må leita etter omskrivingar. Vi skal helst ikkje seia bilens hjul, men hjula til bilen, eller bilen sine hjul.

Og dette skal vi finna oss i. Dette er meiningslaust. Det gjer at nynorsk vert for vanskeleg å bruka. I staden for å bruka språket til å gjera tankane sine forståelege for omverda, må ein bruka sin intellektuelle energi på å leita etter passande omskrivingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement