JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Nynorsk og Nobel-pris

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3524
20231222
3524
20231222

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Visst er det stas med Jon Fosses Nobel-pris. Det er stas for oss norske fordi han kjem frå vårt land. Det er stas for oss som er opptekne av samfunnets sårbare, at ein som skriv meir om antiheltar enn om heltar, får prisen. Det er stas for oss som helst held oss til nynorsk, at han bruker vårt skriftmål. Og det er stas for oss som er opptekne av språkleg mangfald, at eit skriftmål med i global samanheng få brukarar kan gi grunnlag for ei slik utmerking.

Men me bør ikkje gå av skaftet, slik eg synest Ottar Grepstad gjer over to sider i Dag og Tid 8. desember. Det var Fosse som vart prisa, ikkje nynorsk. Når Grepstad skriv at Fosse kjem frå det minste språksamfunnet som til no har fått ein slik pris, gløymer han Laxness og kanskje fleire. Når han skriv at utbygde nynorske institusjonar er ein føresetnad for prisen, følgjer det av det at folk som nyttar skriftmål med mindre samfunnsvern, samisk, færøysk, romanes og baskisk, til dømes, etter hans syn må skifte skriftmål for å bli anerkjende på liknande vis.

Og når han skriv at digitalt, talemålsnært skriftmål er eit problem fordi det gjer skrivande folk usikre, ser han vekk frå at det å famle seg fram, å ha det gode framfor det korrekte som rettesnor, ofte kan gjere skrift betre. Den som før Fosse var nærast av nynorskforfattarar til å få ein slik pris, Olav Duun, famla seg fram med eigne skriftformer. Torgny Lindgren med sitt dialektprega nordsvensk og Alf Prøysen med dialekt i skrift har gjort nordiske skriftmål rikare. Og ein norsklektor med det korrekte som rettesnor ville ha sett tusen raude punktum og like mange store forbokstavar i Septologien til Fosse.

Grepstad finn det på sin plass å skrive at Støre gratulerte Fosse utan å nemne nynorsk, og at Sametinget ikkje gratulerte. Når målfolk støttar samisk, bør dei yte attende, meiner han. Men korkje ein statsminister eller eit sameting bør favorisere eitt norsk skriftmål framfor det andre. Dei bør protestere om det eine blir tilsidesett, men det er ei anna sak.

Grepstad nyttar pristildelinga til å hevde at nynorsk er eit språk og ikkje berre eit skriftmål. Det har Stortinget sagt midt i § 4 i språklova, og då er det slik. Dei som ser det annleis, har tungt for det, skriv han. Eg er blant desse. Eg synest Grepstad tek ei setning ut av samanhengen og tøyer den. Liksom Ivar Aasen anerkjenner eg ikkje styresmakter som absolutte autoritetar på språk.

Nynorsk er identitet, skriv han. Og det finst menneske i dette landet med nynorsk som ein sentral del av identiteten. Grepstad og Fosse er vel blant dei, med nynorsk som del av levebrødet. Dei fleste av Noregs kanskje halve million nynorskbrukarar er annleis. Me held oss til nynorsk fordi me synest det er det beste skriftmålet for oss, og/eller fordi me har grunnverdiar som fell best saman med nynorsk. Så enkelt er det. Nynorsk er ein mindre del av vår identitet enn oppvekst, familie, bustad, yrke, vener, talemål, religion, parti, nasjon. Me er nynorskbrukarar, ikkje nynorskingar. Sjølv bur eg i Ål, der dei fleste skriv nynorsk, og har hatt mykje å gjere med yrkessøsken i Nesbyen, ein grannekommune med nesten berre bokmål. Me er folk av omtrent same slaget.

Om somt av det føregåande kan me vere usamde. Men me bør semjast om at arbeid for nynorsk treng romslegheit. Det kan sjølvsagt vere at me som ser ting ulikt Grepstad, har tungt for det. Men det kan også vere slik at våre tankar har noko for seg. Det finn me ikkje ut av om me går ut frå at folk med andre synsmåtar er undermåls.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis