Nynorsk må verte obligatoriskNYNORSKODDVAR FINNMARKEg er gammal lærar, har hovudoppgåva i norsk, og er nynorskbrukar frå 50-årsalderen. Eg er finnmarking, og soleis ikkje knytt til nynorsk tradisjon, men straks eg tok til bruke nynorsk, skjøna eg at dette

Publisert

Eg er gammal lærar, har hovudoppgåva i norsk, og er nynorskbrukar frå 50-årsalderen. Eg er finnmarking, og soleis ikkje knytt til nynorsk tradisjon, men straks eg tok til bruke nynorsk, skjøna eg at dette var skriftmålet for meg. Og kva var det som letna så mykje med nynorsk skriftleg? For det første er det at morfologien, ordlaginga, stemmer med mitt målføre. Det gjer han ikkje med bokmålet. Slik er det òg med ordfølgja, syntaksen. Slik er det òg med ordfanget, det leksikalske. Altså ligg dialektane i landet tett opp til skriftleg nynorsk. Då skal skuleborna òg kunne lære seg å skrive nynorsk, tenkte eg. Det var òg tanken til skulefolka då dei i åra før krigen gjekk over til obligatorisk nynorsk frå Vestlandet og opp til Nord-Troms. Over Lopphavet og til Finnmark nådde nynorsken aldri, for som vi veit, stoppa Qvisling-regjeringa medvite nynorskutbreiinga og sette eiga rettskriving inn i staden. Men no er det dags for å take oppatt den gamle tanken om nynorsk for alle 1. klassingar i landet. Skuleborna kan sjølvsagt lære seg til å skrive nynorsk like greitt som dei i dag skriv bokmål? Ja, endå lettare, for den norske grammatikken har vi jo i hovudet, medan bokmålsgrammatikken må vi lære oss frå boka? Kvar einaste skuleelev kan greitt halde greie på kjøn, tal og form ut frå eigen dialekt.

Det nye i dag er at engelsk er innført som obligatorisk fag frå 1. klasse. Det betyr at skuleelevane får tre, opptil fire obligatoriske skriftlege fag: bokmål, riksmål, engelsk og nynorsk. Kor lenge trur vi at dette kan halde fram før vi på nytt får ropet om at nynorsken skal ut? Dette kravet har då versert ofte i pressa? Men det logiske er då at bokmålet skal ut, for då riv det riksmålet med seg. Og vi veit alle at bokmålet/riksmålet er eit utanlandsk mål. Og vi veit òg alle at Noreg tapte kulturkampen sin den gongen då valet stod mellom dansk og norsk språk i landet. Eliten i Oslo har pynta på dette med å instruere skulebarna til å snakke dette dansknorske språket, og så kalle det for norsk. Dette ser vi gjenklangen av i heile skulen, der det på timeplanen til alle norske skulebarn står norsk og nynorsk.

Korleis vil så den norske ålmenta møte det nye i skulen? Tja, ålmenta møtte då den nye teljemåten utan større problem? Det vert ikkje verre med innføringa av nynorsken. Han har då alt fotfeste både i skulen og i mesta halvparten av kommunane, og mesteparten av dei andre kommunane har valfri språkform. Når det gjeld den private delen av ålmenta, må dei berre halde fram som før. I offentleg ordveksling vert nynorsken litt meir berrsynt enn før, men truleg finn ingen grunn til merkbar opposisjon av det?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement