Nye og gamle konspirasjonsteoriar
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Shakespeare
I Dag og Tid nr. 10 blir det ofra mest to sider verdfull spalteplass på ei ny bok der det blir hevda at forfattaren av Shakespeare sine verk ikkje var Shakespeare, men jarlen av Oxford. Avisa har konkludert, «striden om kven som var forfattaren bak Shakespeare-namnet er i ferd med å kulminere» og vidare «lite av det vi veit om den historiske personen, tyder på at han kan ha vore i stand til å skrive desse (Hamlet osv.) og fleire andre dramatiske meisterstykke».
Eg er langt frå å vera ein litteraturvitar. Men dette luktar konspirasjonstenking lang lei. Det er mykje ein ikkje veit om Shakespeare, noko som ikkje er uvanleg når det gjeld folk som levde for 400 år sidan. Men han var iallfall teatermann, nyttig bakgrunn for ein som skreiv skodespel. Og det er nå namnet som står på dei trykte utgåvene. I 200 år var det ingen som ytra tvil om at Shakespeare skreiv sine eigne verk, før einkvan fann på at han berre var «ein mann av folket», det måtte ha vore ein meir «høgareståande» person som var forfattaren. Kunne apotekarlærlingen Henrik Ibsen ha skrive Ibsen? Det er nok ein annan, det også!
Ein norsk organist klarte for nokre år sidan å få NRK til å laga ein TV-serie, han hadde gått laus på Shakespeares First Folio med vinkelhake og funne mange koda bodskap. Som ein leitar, så finn ein. Men her er Francis Bacon forfattaren, med ei kopling til den mystiske «skattøya» Oak Island i Canada, der TV-teamet vassa rundt i ei myr utan å koma over noko. Det blei bok av dette også: «Den avslører en gigantisk konspirasjon som har lurt verden i snart 400 år» («konspirasjonskunstteori»). Ein omtale av skatteleitinga kan ein finna på nrk.no. «’Her ligger det antagelig fire gjenstander som har stått i tempelet i Jerusalem. Den syvarmede lysestaken, eller menorá, skuebrødsbordet og sølvtrompetene, som ble stjålet av romeren Titus. Trolig også litteratur, manuskripter som ingen har sett, som vil matche denne historien slik den er fortalt i Fama Fraternitatis, Rosenkreutzernes første manifest’, sa Amundsen til NRK forrige gang han ble intervjuet.»
Sidan har visst ingen høyrt meir. Svar på «Shakespeare-gåta» fekk ein ikkje då heller. Det blei presentert som «god fisk» av rikskanalen NRK, som burde ha betre vett enn å presentera pseudovitskap. Vel ein ut dei rette fakta, vrir på dei og utelet alt det som ikkje høver, «cherry picking» på engelsk, à la «Single Source Seymour» i same nummer av Dag og Tid, kan det meste provast. Skriblingar og understrekingar i ein bibel som har tilhøyrt jarlen av Oxford, er ikkje noko bevis, mellom anna fordi han også har hatt andre eigarar.
I urolege tider der ymse krefter gjer sitt ytste for å så tvil om etablert kunnskap, og kastar fram allslags grums, er det ekstra viktig å halda seg til sikre kjelder, det som kan dokumenterast, og vera varsam med å la «alternative fakta» og snurrige teoriar fylla opp i media utan eit kritisk blikk. Det er nok å skriva om elles.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.