Nyansar på avvegar

Den amerikanske kyrkjegarden ved Omaha Beach i Normandie i Frankrike.
Den amerikanske kyrkjegarden ved Omaha Beach i Normandie i Frankrike.
Publisert

Morten Strøksnes skriv 22. september at han «nyanserer biletet» av at det går føre seg ein kamp mellom verdiar i Ukraina. Han har sjølv sagt at ingen av USAs krigar gav Russland rett til å invadera landet, og skriv: «Krigen kan ikkje rettferdiggjerast. Men...»

Eg synest ikkje det høver med noko «men» her. Russland har gått til åtak på Ukraina.

Derimot finst det to punkt som skulle vore nyanserte meir i Strøksnes’ hovudtekst frå 25. august.

1) Strøksnes skriv: «USA treng ikkje Nato militært sett, og dei vernar ikkje Europa for å vere snille» (mi utheving). Men kva med i Normandie, der tusenvis av amerikanske soldatar døydde i 1944 i kampen mot Nazi-Tyskland? Dra til Omaha Beach og sjå sjølv. Eg var der som åtteåring – eg minnest eit hav av gravsteinar i marmor. Ser Strøksnes dette som berre endå eit teikn på USAs imperialisme? Eit av mange framskuv for å hevda «USAs globale hegemoni»?

Om svaret er ja, har Strøksnes laga seg ein flott teori som det ikkje går an å falsifisera. Det var vel også berre kyniske reknestykke som låg bak USAs matvareprogram under hungersnauda i Russland og Ukraina 1921–1923, som berga millionar? I Noreg gir me Fridtjof Nansen all æra for dette, men amerikanarane spelte ei særs viktig rolle.

2) Dei fleste kuppa i Latin-Amerika var ikkje «amerikanske». Det at amerikanarane støtta opp under dei, er ikkje det same. Statsvitar Egil Fossum skriv dette: «USAs grunnleggende strategi ble å bygge opp anti-kommunistiske regimer og støtte kupp mot upålitelige regimer som var ’soft on communism’. Dette betyr ikke at det som skjedde opp gjennom 1960-årene ene og alene skyldes USA. USA spilte imidlertid en viktig rolle i alle disse kontrarevolusjonære kuppene. Det er villedende å se på rekken av kupp som en eneste stor kontinental konspirasjon, selv om det var det også. Det sosiale og politiske grunnlaget for disse hendingene fantes i landene selv...» osv. Nyss avlidne Geir Lundestad har òg skrive om kuppet i Chile: «Allendes fall skyldtes først og fremst lokale forhold, men også amerikansk destabiliseringspolitikk.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement