Ny norskplan i emningLæreplanThomas KlevmarkSoga om ny læreplan i norsk held fram. Noko har skjedd sidan førre innspelsrunde, og slett ikkje berre til det verre. Ei rekkje faglege minimumskrav er tekne inn og har fått sin rettmessige plass. Det er likevel

Publisert

Soga om ny læreplan i norsk held fram. Noko har skjedd sidan førre innspelsrunde, og slett ikkje berre til det verre. Ei rekkje faglege minimums­krav er tekne inn og har fått sin rettmessige plass. Det er likevel grunn til å stille seg nokre spørsmål.

I det nye utkastet kan ein gle seg over å sjå att gamle «kjenningar» som norrøne tekstar, litteratur frå kvart einaste av dei følgjande hundreåra (berre 1400-talet er gløymt), grammatikk og rettskriving. Her er òg teiknsetjing på alle nivå, frå første skuledag, medan ortografi held fram til Vg2/Vg3, då ein heller skal satse på «eit presist og nyansert ordforråd». Ein skal lære seg å analysere og tolke – og i tillegg skrive retorisk analyse. Desse eksempla syner kor vanskeleg det er å femne absolutt alt på ein følgjerett måte. Det er fint at ein slår fast nokre minimumskrav, til dømes kjennskap til både eldre og nyare litteratur, språkleg innsikt og dugleik, trening i visse resonnerande sjangrar og somt anna. Utanom slike generelle mål treng ikkje alt vere spesifisert. Noko kan vere underforstått, som ein naturleg del av desse måla. Då får ein òg større fridom og rom for fagleg fordjuping.

Kanskje er det uttrykk for ein viss resignasjon at det siste utkastet vel å slå saman alle læringsmåla for Vg2 og Vg3? Det ville vere betre å halde på dette skiljet, men då må det ryddast. Elevane treng å oppleve forandring og nye utfordringar undervegs, altså ein viss progresjon. Også dette omsynet talar for ein strammare struktur, med færre, meir opne og vidfemnande læringsmål.

Liksom innhaldet er uttrykksmåten: detaljrik, men ikkje dermed meir klargjerande. Det er ein viss hang til fagspråk, utan at det gjer innhaldet betre: referent- og setningskoplingar, modalitetar, metaspråk – og moteuttrykk: «forholde seg» (= halde seg, henge saman). Fagspråk er ofte naudsynt, men læringsmåla i planen bør vere vide og ålment tilgjengelege. Så kan detaljane kome seinare.

Kva dei overordna måla for faget skal vere, er framleis ikkje heilt klart. Planen har rett nok innleiande formuleringar om kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitet, om dei såkalla kjerneelementa knytte til lesing og skaping av tekst, og om verdigrunnlaget demokrati, fellesskap og mangfald. Mest konkret er kan hende punktet om tverrfaglege tema: berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap. Erfaringa tilseier at eit slikt punkt lett kan utløyse krav om tverrfaglege prosjekt. Desse har oftast ei heller laus fagleg forankring og gir moderat utbyte. Då er det viktig å slå fast at norskfaget har meir enn nok stoff til å møte utfordringane på eiga hand! Ein god litterær tekst kan til dømes ha mykje å lære oss om livsmeistring, og eit sentralt språkleg emne kan ha klare koplingar til demokratiopplæring. Denne prosessen må likevel skje på faget sine eigne premissar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement