Ny læreplan, betre nynorskopplæringLæreplanFredrik HopeLæreplanane i skulen vert skrivne på ny denne hausten. No kan me få ein læreplan i norsk som sikrar at norske elevar lærer nynorsk skikkeleg. For det gjer slett ikkje alle i dag.
Læreplanane i skulen vert skrivne på ny denne hausten. No kan me få ein læreplan i norsk som sikrar at norske elevar lærer nynorsk skikkeleg. For det gjer slett ikkje alle i dag.
Denne hausten sit ei nemnd i Utdanningsdirektoratet og skriv ein ny læreplan i norsk. Dei har sjansen til å retta opp i feila som finst i den gamle læreplanen, og halda på dei gode verkemidla. Tre viktige grep er framleis karakter i sidemål, framleis like kompetansemål i nynorsk og bokmål og å gjera dei vage formuleringane om tidleg start med sidemål tydelegare. Læreplanen må òg seia noko om at han dekkjer to elevgrupper med ulikt fyrstespråk og difor ulikt utgangspunkt. Det vil gjera det lettare å vera nynorskelev om det står i læreplanen at dei er i ein annan situasjon enn bokmålselevane.
Knapt ein skuledebattsesong går utan at det er bråk om sidemålsundervisinga for bokmålselevar. Det er ikkje so rart. For medan nynorskelevane meistrar både nynorsk og bokmål, er det høgst varierande kor gode bokmålselevar vert i nynorsk. Dette kan me ordna ved å betra læreplanen: Bokmålselevane lyt byrja å eksperimentera med sidemålsskriving tidleg på barneskulen, og skriva fast på sidemålet før dei byrjar på ungdomsskulen. Då får dei eksponering og mengdetrening i å skriva på nynorsk før karakterpresset slår inn, og dei byrjar sidemålslæringa medan evna til å læra språk er best. Gode kompetansemål er eit langt steg i rett retning.
Sidemålskompetansen til nynorskelevane er ikkje for dårleg, han er heller for god. Karakterresultata frå nynorskområda syner at nynorskelevane meistrar bokmål minst like godt som nynorsk. Sett på spissen: Mange nynorskskular lærer ikkje nynorskelevane nynorsk godt nok. Læreplanen i norsk er ein viktig grunn til dette. Når det ikkje står noko i læreplanen om at det er annleis å vere nynorskelev enn å vere bokmålselev, vert ikkje lærarane minte på at dei må ta omsyn til nynorskelevane. Då får nynorskelevane dårlegare opplæring.
Det er heilt koko. Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, og difor må me handsama nynorskelevane annleis. Dei treng å lesa og skriva mest mogleg nynorsk på skulen, og minst mogleg bokmål. Det får dei meir enn nok av utanfor skuleveggane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.