Nostalgien er det siste som døyr

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ungarn er ein liten rest av ei stormakt som slit med å finna sin plass mellom aust og vest, skriv Andreas Hompland i sideblikk 21. oktober. Eit blikk på det ungarske tidsskriftet Nyugat (1908–1941) er ei påminning om at det kunne ha vore annleis i dagens Ungarn.

«Utanfor Ungarn finst det ikkje liv. Viss det likevel fanst, var det ikkje det same.» Slik ordla ein gong den ungarske fyrsten Mátyás I Corvin seg om Ungarn. Ungarn si tusenårig historie er samansett. Dei fruktbare slettene langs Donau og rundt Karpatbekkenet har vore tumleplass for tallause folkeslag og plyndrarar.

Slutten av 1800-talet var ein nasjonsbyggingsperiode driven fram av Ungarns intellektuelle, som Ignac Semmelweis, Franz Liszt, Béla Bartók, og seinare Antal Szerb, György Lukács, Karl Mannheim og Karl Polyani. Budapest var då eit kulturelt tempel. På røykfylte kafear kom dei for å diskutere straumdrag frå Vesten medan dei nippa til konjakk. På kaféborda låg aviser frå metropolane, i tillegg til papir, pennar og blekk. Jürgen Habermas ville ha gjenkjent kaffihusa som den borgarlege offentlegheit. Dei søkte eit alternativ til den ungarske tradisjon som låg milevis etter den vesteuropeiske.

Ifylgje Árpád Kadarkay avviste fedranes usosiale søner familie og samfunn og samla seg der nye verdiar modna og kolliderte med tradisjonen. Dei sinte sønene var overtydde om at ein ny kultur kunne bli fødd, og blikket vende seg bort frå Ungarns pastorale nostalgi.

Med blikket vendt mot Vesten blei tidsskriftet Nyugat danna av Hugo Veigelsberg, Ernö Osvát og Miksa Fenyö i Budapest i 1908. Ifylgje Zoltán Kenyeres blei Nyugat fødd i eit pulserande og vidtfemnande intellektuelt miljø, som også ønskte å «live life by artistery». Inspirasjonen var straumdrag frå Vest-Europa, jamvel skodespel av Henrik Ibsen. Nyugat braut med den ungarske intellektuelle isolasjonen og «fortidsminneforeining». Den fyrste generasjonen inkluderte Margitt Kaffka, György Lukács, Karl Mannheim og ei rekkje poetar som Dezsö Kosztolányi, og romanforfattarar som Gyula Krúdy.

Kollapsen av dobbeltmonarkiet og den kvite terroren frå admiral Miklós Horthy stilna den radikale stemma frå Nyugat. György Lukács og Karl Mannheim forsvann frå landet. I den andre generasjonen var Antal Szerb og Sándor Márai. Szerb, generasjonens gudfar, var jøde. Han skreiv analysar av Henrik Ibsens skodespel, bestseljarar om Ungarns litteraturhistorie og tre romanar på 30-talet, blant dei meisterverket Reise i måneskinn (1937), omsett til norsk i 2021. Szerb blei arrestert av nazistar i 1944 og send til konsentrasjonsleiren Balf i Ungarn. Nokre av vennene forsøkte å redde han, men han avviste dei, og blei slått i hel 27. januar 1945 av Hitlers lakeiar.

Den tredje og siste generasjonen inkluderte Dezsö Kosztolányi og poetene Sándor Weöres, István Vas, og László Kálnoky.

Nyugat overlevde fyrste verdskrig og to revolusjonar, men kollapsa som fylgje av at Ungarn slutta seg til Hitler. Etter at Sovjetunionen fekk herredømme over Ungarn i 1945­–1946, prøvde nokre å restarte Nyugat, men utan hell. Skribentane for Nyugat blei ifylgje Agnes Vashegyi MacDonald kalla for «generasjon vest», og dei er ikkje gløymde. Likevel, for mange ungararar var Nyugat-skribentane «avskum» som voks opp i nattlege kaféhus, eit symbol på den vestlege dekadanse, ei antinasjonalistisk og antireligiøs stemme som svikta sine rurale brør og søstrer.