Norskfaget for fall?SkuleThomas KlevmarkHarestuaNye læreplanar er i emning, og for tida er dei såkalla «kjerneelementa» ute til høyring. I framlegget til nytt norskfag er kjerneelementa utforsking og kritisk behandling av tekst, skriftleg og munnleg kommun

Publisert

Nye læreplanar er i emning, og for tida er dei såkalla «kjerneelementa» ute til høyring. I framlegget til nytt norskfag er kjerneelementa utforsking og kritisk behandling av tekst, skriftleg og munnleg kommunikasjon, språksystem og mangfald. På vidaregåande nivå har tekst- og kommunikasjonsdelen fått ein heilt dominerande plass, med eit gjennomført notidig perspektiv, jamvel om ein nemner «tekster fra nåtid og fortid» eit par stader. Så viktig er den kritiske tilnærminga til tekst at til dømes «retoriske appellformer» og «sitatteknikk, kildebruk og kildehenvisninger» går att på alle nivå i vidaregåande skule, i ei elles kortfatta kulepunktframstilling.

Den lange litterære arven er derimot knapt synleg og tener mest som samanlikningsgrunnlag for nyare tekstar. Planen nøyer seg med å slå fast at ein skal «se tekster i sammenheng med den litterære tradisjonen de er en del av». Innsikt i språkutvikling avgrensar seg til språkpolitikk på 1800- og 1900-talet og situasjonen i dag, med vekt på språklege endringar i notida. Språkutviklinga elles blir liggjande i djupaste mørkret.

Kva får denne innsnevringa å seie for forståinga av eldre tekstar og den kulturen dei representerer? Kva kan vi vite om språklege endringar i dag og resultatet av dei, før det har gått lang tid? Kor mykje kan vi forstå utan kjennskap til språkleg utvikling over tid?

Det er diverre grunn til å halde fram med å stille spørsmål, også når det gjeld sjølve organiseringa av dokumentet. Til dømes blir punktet «tegnsetting, ortografi og tekstbinding» nemnt på alle nivå i vidaregåande skule, mens tyngre tema som formverk blir tatt i barneskulen og setningsanalyse på ungdomstrinnet! Opplegget verkar mildt sagt lite gjennomtenkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement