Norsk språk er viktig på NTNU

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

I Dag og Tid 22. oktober skriv Håvard Rem om det han kallar språkveggen mellom forsking og samfunn. Dette handlar om bruk av norsk språk på høgare lærestader, både når det gjeld forsking og formidling. Han identifiserer Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) som ein «versting» når det gjeld røkting av norsk fagspråk.

Vi får ikkje vete kva Rem baserer ein slik konklusjon på, og vi trur uansett ikkje det er særleg nyttig å rangere universiteta på ein slik skala. Likevel tar Rem opp viktige poeng knytte til korleis NTNU og andre arbeider med norsk språk. Det er også ingen tvil om at NTNU kan bli mykje betre, og det har vi tydelege ambisjonar om å bli. Difor har vi nett sett ned eit breitt samansett utval som skal revidere dei språklege retningslinjene og ikkje minst komme med gode framlegg til korleis organisasjonen kan bruke dei i det daglege.

Utvalet skal komme med si tilråding før sommaren 2022. Eg vil likevel slå fast at NTNU sjølvsagt skal ta ansvaret for røkting av norsk fagspråk på alvor. Forskinga er internasjonal og engelsk gjer det mogleg å vere ein del av kunnskapssamtalen internasjonalt. Vi ønskjer internasjonale studentar og fast tilsette, men dette står ikkje i motsetnad til å stille krav om opplæring i norsk til fast tilsette og å gi tilbod om opplæring for studentar som kjem hit. Likevel krev det stor grad av medvit i organisasjonen for å handtere dette på ein god måte. Her seg eg fram til mange gode framlegg frå utvalet som har mykje røynsle og ikkje minst kunnskap på området.

Vi er samde med Rem i at formidlinga til samfunnet primært bør skje på norsk. På det området har vi særs mange tilsette som formidlar i mange former, der norsk språk sjølvsagt blir nytta. Å avgrense formidling til primært å handle om «samandrag og nøkkelordliste», tykkjer vi er uheldig. Sjølvsagt er samandrag og nøkkelord også viktige, men det som skjer av kronikkskriving, foredrag på grendehus, skolar, twitter og litteraturhus, set nok større fotavtrykk.

Rem skriv mykje om samandrag i doktoravhandlingar, men det er nok dei færraste utanom akademia som les dei. Det er også slik at biletet er meir komplisert enn det Rem skriv. Vi har særs mange internasjonale ph.d.-kandidatar. Det ligg ikkje i arbeidsskildringa deira at dei skal lære seg norsk. Mange gjer det likevel, men det er ikkje noko krav NTNU kan stille. Desse internasjonale kandidatane er utruleg viktige for NTNU, dei gjer mykje god forsking samstundes som dei gir oss nye impulsar og røynsler. Om alle skal skrive eit samandrag på norsk, trengst det ein infrastruktur for å få det til når så mange ikkje kan norsk. Her handlar det ikkje berre om å setje om, det krev god fagkunnskap for å kunne gjere dette. Likevel er det viktig å vurdere om alle avhandlingar skal ha eit norsk samandrag, og det er eg trygg på at utvalet ved NTNU vil gjere.