Jon Hustad veit mykje, og skriv godt, om økonomi. I Dag og Tid 9. juli («Noreg er best i klassa») er han nok likevel på litt ville vegar.
Hustad skriv at «Noregs eksportgap (...) aldri har vært større enn no». Eksportgapet (current account på engelsk) var nok mykje større då oljeprisen var langt over 100 dollar og importen lågare enn i dag. At Noreg eksporterer meir enn landet importerer, er sjølvsagt bra, men vi er langt frå best i klassa. Tidsskriftet The Economist har kvar veke ei oversikt over økonomiske indikatorar for over 50 land. Éin indikator er «current account», og i prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) er det 20 land som gjer det betre enn Noreg. Samanlikna med Sverige og Danmark er Noreg heller ikkje best. I løpande valuta (USD) har Sverige eit årleg overskot på rundt 2200 USD, medan Danmark har eit overskot på 4500 USD for kvar innbyggar. Noreg har eit overskot på rundt 1700 USD. Medan Sverige ikkje har oljeinntekter i det heile tatt, og Danmark svært små oljeinntekter, gjer dei det likevel langt betre enn Noreg. Tar ein omsyn til kjøpekrafta, er skilnaden endå større.
Hustad skriv også at «det vi i dag kallar Oljefondet, er ingenting anna enn valutareservar. Oljefondet er i røynda ein einaste stor eksportfabrikk». Det om valutareservar er korrekt, men Oljefondet er ingen «eksportfabrikk». Fondet er bygd opp av inntekter frå eksport av olje og gass i løpet av dei siste 20–30 åra. I dag er eksportinntekter berre ein liten del (ca. 30 prosent) av inntektene til Oljefondet. Resten er avkastning frå investeringane som er gjort, men dei kan variere mykje frå år til år.
Inntektene frå olje og gass som gjekk til Oljefondet, stammar i liten grad frå arbeid. I hovudsak kjem dei frå det som vert kalla grunnrente. Det er inntekter frå sal av olje og gass ut over normal forteneste, og er meir å likne med ei Guds gåve. Denne meirinntekta er grunnen til at oljeselskap må betala ein tilleggsskatt på 56 prosent på overskotet sitt.
Før koronaepidemien ville den norske regjeringa bruka 250 milliardar kroner frå Oljefondet over statsbudsjettet. I dei to koronaåra (så langt) vart det 4–500 milliardar i året, eller 80–100.000 kroner for kvar einaste nordmann. Endatil skattefrie kroner!
Ein kan sjølvsagt lure på kor alle desse pengane har funne vegen. Men som Hustad skriv: «få har kome så langt i avindustrialisering som Noreg». Det er riktig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.