Norsk kraftpolitikk på villspor

Publisert

Dei siste to regjeringane har ført norsk elkraftsituasjon inn i eit sørgjeleg uføre. Dette byggjer på tre hovudfaktorar:

1. Solberg-regjeringa vedtok med støtte frå Ap å leggja norske elkraftresursar i hendene på Acer (2018). Noreg kan etter det ikkje velja å halda tilbake kraft til eige bruk.

2. I 2019 og 2021 har regjering og Storting late setja i drift nye kraftkablar både til Tyskland og til Storbritannia. Desse nye «motorvegane» for elkraft auka kapasiteten med fleire titals terawattimar (TWt) i året. I praksis er nå det sørnorske kraftnettet fullt samankopla og samkøyrt med Storbritannia og Tyskland/EU sine nett.

3. Den norske kraftproduksjonen på ca. 120–140 TWt i året er småtteri mot kraftproduksjon og forbruk i Europa. Det norske tilskotet av elkraft har altså ingenting å seia for prisnivået (Noreg sin rekordhøge nettoeksport var i 2021 berre 17,6 TWt).

Som følgje av dette blir prisen på norsk kraft i røynda fastsett etter auksjonsmetoden, der Nordpool fungerer som ein virtuell auksjonshall. Her blir også elkraft frå andre land, inkludert Tyskland, bydd fram. Resultatet er faktisk at dei som sel krafta til deg og meg, må by på og så kjøpa tilbake den norske elkrafta på ein europeisk auksjon (og tilsvarande i Storbritannia). Sidan vesle Kraft-Noreg som sagt er ein sporv i tranedans i europeisk samanheng, blir prisnivået ganske enkelt europeisk.

Dette blir tydeleg når me ser på det nordnorske prisnivået. Det er for liten kabelkapasitet mellom Nord- og Sør-Noreg til at nordnorsk kraft kan nå fram til «auksjonshallen» Nordpool. Ingen må la seg lura til å tru at prisnivået i Sør-Noreg vil gå ned dersom nye kablar vert bygde mellom sør og nord. Det einaste som vil skje, er at kraftprisen i nord vil bli bortmot tidobla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement