Norsk husmannsånd?

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Er det finare å bruka engelsk enn god norsk, spør Trond Vernegg, formann i Riksmålsforbundet (Dag og Tid nr. 7). Han irriterer seg over all engelsken i reklamen.

Eg er redd for at svaret på spørsmålet hans er ja, iallfall når me snakkar om språkhaldningar hos mange nordmenn.

Me nordmenn kan brauta med oljerikdommen vår så mykje me vil. I ryggmergen vår sit det ein husmann, og der har han sete lenge. Mindremannskjensla gjeld ikkje minst språket vårt. Haldningane våre til språk har historiske røter, og dei gjeld ikkje berre forholdet mellom norsk og utanlandsk. Rangering av «fint» og mindre «fint» språk er ein sport som har blitt flittig driven også innanfor landegrensene.

«Man skriver dog ikke som bønder taler», sa danske og norske embetsmenn i dansketida. Det handla om geografi og sosial posisjon mellom folk. Språket dei ulike samfunnsklassane brukte, klistra seg til brukarane og blei vurdert deretter. Bønder er, som me veit, den viktigaste yrkesgruppa i landet – dei skaffar oss maten. Likevel har ordet «bondsk» og «bondemål» i hundreår blitt sett ned på med ringeakt, i så stor grad at folk på «bondelandet» også sjølve forakta språket sitt. Her på mitt nes i det vestlege Noreg lærte me koden i tidleg alder: Byspråk var fint, engelsk og amerikansk endå finare. Vår eiga skrift og vår eigen tale høyrde til i nedre ende av skalaen. Ingen fortalde oss det, me visste det berre.

I dag verkar det som om handelsstanden i større grad enn mange av oss andre blir ridd av husmannsånda. Reklamefolka prøver å etterlikna det dei oppfattar står over dei i rang, og sparkar etter det som står under. «Svartesøndag» brukte folk på bygdene kalla den mørkaste søndagen i året. «Svartefredag» ville vore eit bra namn på den store handledagen like før jul. Men den som måtte foreslå noko slikt, ville gjera seg til latter. «Black Friday» er namnet. I Oslo ville dei ikkje ha skilt på nynorsk, las me for nokre år sidan, engelskspråklege reklameplakatar, derimot, var det ingen diskusjon om. Skilta med «Open» på butikkdørene må for all del ikkje misforståast. Det er engelsk, ikkje nynorsk!

Språkbruken i reklamen går lett over parodien – ufrivillig frå tekstmakarane si side. Men for norsk språkkultur er det alt anna enn komisk, der er eg einig med Vernegg.