Norsk forfattersentrum er viktig for litteraturen og lesinga
I 55 år har forfattarane sin eigen organisasjon, Norsk forfattersentrum, produsert litteraturarrangement og formidla lesing.
Interessa for å høyra forfattarar som les sine eigne tekstar og fortel om poetikk og forfattarskap, har eksplodert dei siste tiåra. Nye litteraturfestivalar har dukka opp på holmar og nes over heile landet, og mange forfattarar har formidla litteratur og leselyst til nye målgrupper.
Dette er ei svært gledeleg utvikling for oss som lever av å skriva og lesa, men det har vore ei stor utfordring for formidlingsorganisasjonen vår, Norsk forfattersentrum.
Organisasjonen har dei siste tolv åra fått 700 nye medlemer og auka omsetninga med over 20 millionar kroner. Dette har ført til ein stor auke i arbeidsmengda for dei tilsette på regionkontora i Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. På same tid har løyvingane frå staten berre vore regulerte for prisvekst. Resultatet er reduserte personalressursar, noko som igjen fører til stort arbeidspress for dei tilsette og at nye lesesatsingar blir sette på vent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.