Norsk forfattersentrum er viktig for litteraturen og lesinga
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Økonomi
I 55 år har forfattarane sin eigen organisasjon, Norsk forfattersentrum, produsert litteraturarrangement og formidla lesing.
Interessa for å høyra forfattarar som les sine eigne tekstar og fortel om poetikk og forfattarskap, har eksplodert dei siste tiåra. Nye litteraturfestivalar har dukka opp på holmar og nes over heile landet, og mange forfattarar har formidla litteratur og leselyst til nye målgrupper.
Dette er ei svært gledeleg utvikling for oss som lever av å skriva og lesa, men det har vore ei stor utfordring for formidlingsorganisasjonen vår, Norsk forfattersentrum.
Organisasjonen har dei siste tolv åra fått 700 nye medlemer og auka omsetninga med over 20 millionar kroner. Dette har ført til ein stor auke i arbeidsmengda for dei tilsette på regionkontora i Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. På same tid har løyvingane frå staten berre vore regulerte for prisvekst. Resultatet er reduserte personalressursar, noko som igjen fører til stort arbeidspress for dei tilsette og at nye lesesatsingar blir sette på vent.
Norsk forfattersentrum er ein nonprofitorganisasjon som lèt alle inntektene frå opplesingar og skrivekurs gå tilbake til oss forfattarar. Dersom organisasjonen ikkje får auka løyvingar frå staten, må Norsk forfattersentrum henta inn andre inntekter, som i praksis vil seia at me forfattarar må betala mykje høgare kontingent eller gi frå oss delar av formidlingshonoraret. Dette vil i så fall svekkja forfattarøkonomien i landet ytterlegare. Det er ingen tente med.
Ørjan Zazzera Johansen er leiar i Rogaland forfattarlag og Terje Torkildsen styremedlem.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.