Norsk fagspråk – nasjonalromantisk sjølvbedrag?
I debatten om statusen til og behovet for norsk fagspråk ved universitet og høgskolar blir det hevda at engelsk bør overta. Undervisning og publisering bør vere på engelsk.
Ein mangelfullt handheva regel ved universitet og høgskolar er at skal utlendingar få fast vitskapleg stilling, skal dei i løpet av ei viss tid ha lært seg norsk, slik at dei kan ta del i norskspråkleg undervisning og kommunikasjon og utføre administrative plikter.
Kravet, som bør handhevast strengt, kan ha eitt unnatak: Er ein utlending på grunn av spesiell kompetanse hyrt i ei rein forskarstilling, er kravet urimeleg.
Som tilsett i vitskapleg stilling ved universitet/høgskole, har ein forskings-, undervisnings- og administrasjonsplikt. Gitt at det ved eit institutt med tjue vitskapleg tilsette er tre utlendingar. Det er ikkje er krav om at dei skal lære norsk. I løpet av kort tid er instituttet delt i A- og B-lag. Dei tre som meistrar engelsk, utgjer A-laget, resten er B-laget. A-laget får attraktive undervisningsjobbar, da dei lengst komne studentane meistrar fagets engelskspråklege terminologi og engelsk generelt betre enn nye studentar. Elementærundervisninga tilfell B-laget.
Administrasjonsplikta inneber at ein må ta del i komitear og utval av ulike slag, irekna institutt- og fakultetsråd. Er det rimeleg å krevje at dei norskspråkleg vitskapleg og administrativt tilsette skal måtte lære seg engelsk administrasjonsterminologi for at dei ikkje-norskspråklege skal kunne oppfylle pliktene sine? Kva med saksdokument? Omsetting til engelsk krev ekstraarbeid og pengar.
Får A-laget dei interessante undervisningsoppgåvene, samstundes som dei slepp unna administrative plikter, må det gå ut over instituttet. Kollegiale forhold blir øydelagde. Motivasjonen for forsking og publisering avtar. Instituttet og universitetet/høgskolen vil tape på det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.