Fredsrørsla
Norges Fredsråd
I april 1962 var det påskemarsj mot atomvåpen og for nedrustning, frå Fredrikstad og Tønsberg til Oslo.
Foto: Erik Thorberg / NTB
I lesarbrevet «Fred er nok det beste?» 1. august gir Runar Todok, aktivist i Nei til atomvåpen (NtA) på 1980-talet, denne forklaringa på kvifor NtA ikkje slutta seg til Norges Fredsråd på denne tida: «De andre delene av [freds]bevegelsen i Norge var i stort samlet under paraplyen til Norges Fredsråd (NF), hvor mange av organisasjonen [sic] hadde kraftige prosovjetiske og antivestlige innslag. Det tidlige styret i NtA skjønte dette, og sluttet seg ikke til NF.»
Eg var leiar for Norges Fredsråd midt på 1980-talet. I tillegg til Militærnekternes Hovedorganisasjon, som eg representerte, bestod Fredsrådet av organisasjonar som Folkereisning mot krig, Vennenes samfunn (Kvekerne), IOGT, En Verden, Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet, Kristent Fredslag, Norges Fredslag og Internasjonal Dugnad. Nokre vil kanskje meine at desse var antivestlege fordi dei ikkje støtta USA og Nato, men prosovjetiske var dei ikkje. Det var ikkje noko samkvem mellom Norges Fredsråd og det sovjetvenlege Verdsfredsrådet (World Peace Council).
Som det går fram av Todoks innlegg, var NtA imot atomvåpen, men ikke imot krig. Dette var ein hovudskilnad mellom NtA og organisasjonane i Norges Fredsråd, som var meir pasifistiske eller ikkjevaldelege. Mitt inntrykk er at det var den viktigaste grunnen til at NtA og Fredsrådet forblei skilde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.