«Noregs tryggleik krev auka Ukraina-støtte»
Ukrainarane leitar etter og skyt mot russiske dronar over Kyiv.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utanriks
Som Halvor Tjønn viser i Dag og Tid 18. oktober, har det ikkje vore nokon god haust for Ukraina. Russland vinn sakte, men sikkert terreng i aust, og den ukrainske inntrenginga i den russiske Kursk-regionen synest å ha hatt liten effekt. Samstundes er ukrainske soldatar utslitne, utan at regjeringa i Kyiv klarar å mobilisere på langt nær mange nok nye. Dessutan ser det ut til at den vestlege støtta til Ukraina kan gå ned neste år, spesielt dersom Donald Trump blir USAs neste president.
Også i Noreg synest nederlagsstemning å breie seg, i praksis om ikkje i ord. Regjeringas budsjettforslag inneber ei halvering av den norske militære støtta til Ukraina i 2025 i høve til 2024. Den samla norske støtta vil gå ned frå 27 til 15 milliardar kroner, noko som ifølgje Tjønn utgjer «fattige» 0,28 prosent av norsk BNP.
Noreg gjev mindre
Bjørn Johan Berger peika i Aftenposten 15. oktober på at Noreg gjev langt mindre til Ukraina enn land det er naturleg å samanlikne seg med, ikkje minst Danmark og Sverige. Som han også minte om, gjeld dette trass i at Noreg har hatt enorme meirinntekter, kanskje 2000 mrd. kroner, på grunn av auka petroleumsprisar etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Tre prosent realavkastning av dette, som handlingsregelen legg til grunn, utgjer meirinntekter til Noreg på 60 milliardar kroner per år. Det er meir enn heile den samla norske støtta til Ukraina sidan 2022 og fire gonger meir enn regjeringas forslag for 2025.
Stakkarsleg
Den norske Ukraina-støtta framstår dermed som ganske stakkarsleg, både i absolutte og i relative tal. Det er både vanskeleg å forklare og flautt.
Vanskeleg å forklare fordi ei full russisk erobring av Ukraina vil vere eit alvorleg tilbakeslag for tryggleiken til Noreg. Det vil krevje auka forsvarsutgifter av ein heilt annan storleik enn til og med den auken regjeringa legg opp til i budsjettforslaget for 2025. I tillegg vil det kome sterkt auka utgifter til nye, store bølgjer av ukrainske flyktningar. Pengar vi brukar nå for å hindre ein russisk siger, kan såleis spare oss for store utgifter i framtida. Fordi pengane blir brukte i utlandet, er dessutan faren for auka inflasjon i Noreg minimal.
Flautt fordi det går ut over omdømmet til Noreg. Særnorske standpunkt skil oss alt frå våre næraste samarbeidspartnarar og allierte i fleire viktige internasjonale spørsmål. Vi treng ikkje i tillegg å bli oppfatta som smålege og uansvarlege i ei sak som vedgår oss så direkte og sterkt som krigen i Ukraina. Særleg ikkje når krigen har gjeve oss enorme meirinntekter.
Trump
Vi må heller ikkje tru at vi slepp lettare frå det dersom Trump igjen blir president og kastar inn handkledet. Tvert om kan det hende at EU/Europa i så fall tek ansvar og aukar si støtte til Ukraina. Då vil flasketuten i endå større grad peike på Noreg.
Det er ennå ikkje for seint. Stortinget kan rette opp flausen i budsjettbehandlinga nå i haust. Krigen står på eit vippepunkt, og neste år kan det vere for seint. Særleg må den militære støtta aukast.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.