JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Noreg gjer som USA vil

«Truleg kan USA lagra atomvåpen på basane i Noreg dersom USA finn at det er strategisk viktig.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser, minner Gro Eriksen og Ingegerd Austbø om. Foto frå eit Nato-møte i Litauen i 2023.

Foto: Javad Parsa / NTB

3250
20240614
3250
20240614

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Militærbasar

I 2022 signerte Noreg ein bilateral forsvarsavtale med USA. Den gav USA rett til å oppretta militærbasar på fire såkalla «omforente områder». Med tillegget Stortinget har vedtatt i år, har dette auka til tolv, utan offentleg debatt.

IKFF (Internasjonal kvinneliga for fred og frihet) har sendt høyringssvar til utanriks- og forsvarskomiteen i 2022 og til Forsvarsdepartementet i 2024, der det blir peika på ein del oppsiktsvekkande sider ved avtalen. Same type avtale har USA fått med andre nordiske land, så totalt får USA 47 basar i Norden. Basane skal trygga oss mot russiske angrep, heiter det.

USA står i ein klasse for seg når det gjeld militær kapasitet. Den er mange gonger så stor som Russland sin. I tillegg er USA militært til stades over store delar av verda. Før dei nordiske landa signerte sine avtalar, hadde USA over 800 militærbasar i 80 land, mens Russland berre har nokre få.

Avtalen gir USA fri tilgang og bruksrett på dei «omforente områda» (art. III og IV). Noreg har ikkje lov til å kontrollera kva USA fører inn på basane utan godkjenning frå USA (art. XI). Det står at avtalen ikkje endrar norsk basepolitikk når det gjeld lagring av atomvåpen. Kvifor kan då ikkje Noreg kontrollera kva USA fører inn?

Truleg kan USA derfor lagra atomvåpen på basane dersom USA finn at det er strategisk viktig. USA tenkjer nok først og fremst på eigne interesser.

Dersom Noreg og USA skulle bli ueinige om enkelte ting i avtalen, blir det nok USA sine vurderingar som vil gjelda. Avtalen forbyr nemleg å bringa eventuell usemje inn for nasjonale eller internasjonale rettsinstansar; heller ikkje Nato kan vurdera dette (art. XXIX).

Det er utan tvil USA som er «tungvektaren» og derfor truleg vil få siste ordet. Amerikansk jurisdiksjon skal altså råda på basane og for mannskapet. Med dette gir Noreg frå seg suvereniteten over desse områda, noko som må vera i strid med Grunnlova, paragraf 1. I tillegg skal amerikanarane fritt kunna bruka norsk infrastruktur mellom basane.

Då Noreg vart med i Nato, tok politikarane nokre kloke atterhald, nemleg forbod mot utanlandske basar i fredstid og forbod mot lagring av atomvåpen. Dessutan var det militære nærværet i Finnmark relativt lite. Dette vart gjort for ikkje å provosera Sovjet, seinare Russland. Dagens baseavtale inneber det stikk motsette. Kan dette tena Noreg og gjera oss trygge?

Stormakta USA og småstaten Noreg har ikkje same interesser.

For Noreg er det viktig å ha eit godt forhold til vår store nabo i aust. I fleire år var det fredeleg og venskapeleg kontakt over grensa heilt i nord. Dette burde ein prøvd å oppretthalda. For USA er rivaliseringa med Kina og Russland det viktigaste. Hovudstrategien synest vera avskrekking og fleksibilitet. USA vil kunna ta i bruk ulike basar som ligg «lagleg» til. Basane aukar den militære spenninga i nord, og verkar nok provoserande på Russland. Me risikerer at våre område kan bli bombemål i ein stormaktskonflikt.

Avtalen ser altså ut til å tene USA sine interesser, men ikkje Noreg sine.

Gro Eriksen og Ingegerd Austbø skriv på vegner av Sandnes­avdelinga av IKFF.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis