Tese

Nordmarka – sosialdemokratisk styringsverkstad

Ringkollen 20141122.På Ringkollen, helt nord i Nordmarka, har det kommet snø. Fortsatt er det god sjanse for å treffe bakken hvis du prøver skiene, men i følge meteorologene skal det kommer mer snø de neste dagene.Foto: Tore Meek / NTB
Ringkollen ligg heilt nord i Nordmarka.
Publisert

Til Rune Slagstads tesar i Dag og Tid vil eg driste meg til å føye ein – ein tese som spring ut av skogsstiar og stillferdige samtalar i Nordmarka.

I norsk politisk idéhistorie har det eksistert ein særeigen syntese mellom natur og nasjon, mellom det uformelle og det institusjonelle. Nordmarka – dette skogkledde området nord for hovudstaden – har fungert som ein uuttalt, men verkekraftig del av den sosialdemokratiske styringsverkstaden. Her, ved gøymde tjern og stigar, har Arbeidarpartiets leiarar – frå Tranmæl, Lie og Gerhardsen til Stoltenberg og Støre – utvikla det ein kan kalle ein praktisk-politisk sittlichkeit: ein etisk-politisk praksis forankra i fellesskap, tillit og kontinuitet.

Nordmarka er meir enn eit landskap for friluftsliv. Ho er eit symbolsk rom – ein stille arena for politisk danning og strategisk konsensusbygging, utanfor dei formelle institusjonane sitt synsfelt. Det er her vi finn det Slagstad i De nasjonale strateger skildrar som «det norske systemets eigen ideologi»: ei sterk statsmakt forankra i sosialdemokratisk pragmatisme, men med røter i ein folkeleg og naturforankra politisk kultur.

Ein kan sjå dei for seg – Gerhardsen og Lie, side om side i skispora, med termos i sekken og partilinjer i tankane. Det som såg ut som ein skitur, var i røynda eit uformelt statsråd. Stoltenberg og Støre har vidareført denne praksisen, ikkje som nostalgi, men som ei moderne form for politisk intimitet, der tillit og idéutveksling kunne skje utanfor offentlegheita sine krav til performativitet. Dermed kan Nordmarka forståast som ein kontrafaktisk institusjon i norsk politisk historie – eit rom som aldri vart formalisert, men som likevel har hatt konstituerande tyding for den sosialdemokratiske styringskulturen. I Slagstad sin terminologi: Nordmarka er ein del av det norske demokratiet sin sivile konstitusjon, der politikkens etos vert forma i samspel med natur, fellesskap og historisk kontinuitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement