Nokre pauli ord om Georg Johannesen

Georg Johannesen fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.
Georg Johannesen fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.
Publisert Sist oppdatert

I sin uforgripelege visdom har Dag og Tid-redaktøren gjeve Kaj Skagen fire sider til å rakke subjektivt ned på Georg Johannesens verksemd, minne og såkalla disiplar. «Kvantitet er kvalitet», observerte Georg Johannesen i si tid om kva talet på sider ofra på dei einskilde forfattarskapa, fortalde om verdivurderingane til redaktørar og litteraturhistorikarar. Anten Georg Johannesen eller Kaj Skagen eller båe er såleis umåteleg viktige, sett frå bladstova.

Å ta oppgjer med avdøde personlegdommar er ingen risikosport. Heller ikkje å lage gjøglebilete av 1950-talets fridomstrong og rådande tale- og skrivemåtar då og i dag. For oss som las Om den norske tenkemåten då essaysamlinga kom i 1975, var det ei openberring å oppdage i kva grad norsk offentleg språkbruk var grunnleggjande paradoksal. Mykje offentleg språkbruk stod for det motsette av kva ein vanlegvis førestilte seg. Såleis at u-hjelp var avlat, at ein burde boikotte Noreg heller enn land langt borte – og at der i landet vårt ikkje fanst noka venstreside eller høgreside.

Skagen prøver å dele verda inn i dei fornuftige som deler hans eigne synspunkt, og ei slag pervertert venstreside i kulturlivet. På denne såkalla venstresida har visst flestalle frykta Georg Johannesen og difor ikkje til denne dag tort å mukke mot han. Starten skal visst liggje hjå slike eminent sjølvstendige folk som Einar Økland, Jan Erik Vold, Jon Hellesnes og Karin Moe, skrivarar med eigne særmerkte uttrykk som ingen nokosinne har rekna som epigonar.

Biografen Alfred Fidjestøl definerte bergensmiljøet som unge menneske som sat ikring og dyrka Georg Johannesen. Raskt vart dette til eit litterært grep i bokmeldingar og artiklar, såleis no av Skagen: disiplane som utførte oppgåvene Georg Johannesen pålagde dei. Men for oss som kjende mannen, veit vi godt at var det noko han hata, var at folk snakka han etter munnen eller prøvde å etterlikne han. Eit anna er at desse såkalla disiplane, desse Fidjestøl og andre omtalar som unge studentar, i starten av bergenstida for Georg Johannesen var folk som Sveinung Time, Ottar Grepstad, Inger Vederhus, Jostein Gripsrud, Aslaug Nyrnes – ikkje nett folk som er kjende for å vere umælande og usjølvstendige.

Dag og Tid har hatt det moro med å forsyne Skagen-teksten med mellomoverskrifter som «læresveinar» – som dei heitte, Jesu disiplar, i mi skuletid. Skulle ein drive samanlikninga vidare, laut ein likevel minnast at dei fire evangelistane skreiv heilt ulike soger om meisteren. Det vil nok måtte gjerast om Georg Johannesen også, etter kvart, for noka georgiansk lære eller dogmedanning finst ikkje. Det kjem av at sjølve arbeidsmåten, skrivemåten, rettleiingsmåten til Georg Johannesen var grunnleggjande aporetisk – altså konstruert for å finne fram til paradoks, dette som skjer når ein set saman to rette premiss og får ein falsk konklusjon.

Skagen, Fidjestøl og andre skjønar ikkje konteksten ved Universitetet i Bergen frå 1970-talet til 1990-talet. Historisk-filosofisk fakultet var under rask utvikling både organisatorisk og fagleg. Kan hende aldri før eller sidan har ein opplevd så mykje nytenking. Varige tilskot til tenkinga ikring skriftkultur og språkbruk gav Georg Johannesen gjennom sine seminar om sakprosa og elles i undervisning om folkedikting og populærkultur – men ikkje aleine, alltid i diskusjonar med kollegaer og studentar!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement